Sogn Sparebank har i dag vedteke å framskunde den varsla renteendringen som skulle gjennomførast den 06.05.2020 til 14.04.2020 for eksisterande lån.

Sogn Sparebank er opptekne av å hjelpe våre kundar i ein vanskeleg situasjon og gjer det me kan for å finne gode løysingar tilpassa kundane sine behov.

Om spørsmål så sit våre rådgjevarar klare til å hjelpe dykk på telefon, e-post eller via nettbank/mobilbank.

 

Som følgje av renteendring i Noregs Bank og uro i økonomien, set Sogn Sparebank ned renta på lån med inntil 0,50 prosentpoeng. Det er andre gong på ei veke at banken justerer rentevilkåra.

Totalt blir rentene justert ned med inntil 0,75 prosentpoeng. For nye lån gjeld endringa frå den 26. mars 2020. For eksisterande lån vil renteendringa tre i kraft frå 06. mai 2020. For innskot vil renteendringa tre i kraft frå 20. mai 2020. Alle kundar som får renteendring, vil motta brev om dette eller informasjon i nettbanken om korleis renteendringa påverkar lånet deira. Ny beste bustadlånsrente blir 2,10 % p.a. til unge bustadkjøparar

 

 

Prisliste ln PM 26032020

 

Rente innskot Sogn Sparebank pr 23032020