Det blir stadig vanskelegare å komme seg inn på bustadmarknaden. Ikkje berre må du ha nok inntekt til å betene eit bustadlån, du må også møte Finanstilsynets krav om eigenkapital på 15 prosent av kjøpesummen. Derfor er det viktig å begynne planlegginga så tidleg som mogeleg.

BSU-sparing er ein god stad å starte. Det meiner Karianne Amlie, dagleg leiar i Aktiv Eiendom og programleiar i Bustadjakta på TV3:

- Det finst mange fordelar med å spare i BSU. Ein av dei er skattefrådrag på inntil 5.000 i året – heilt til du fyller 33 år. Det høyrest kanskje ikkje ut som all verda, men over fem år utgjer det over 25.000 kroner som du elles ville ha betalt i skatt, seier Amlie og held fram:

- Dei pengane kjem godt med den dagen du skal kjøpe din første bustad. Om du ikkje sparer i BSU frå før, anbefaler eg at du ringjer banken din i dag.

Fleire gode råd

  • Skap gode relasjonar til banken din. Vis at du har evna til å spare regelmessig og unngå betalingsmerknader. Det viser at du har gode betalingsevner og at du klarar å handtere din eigen privatøkonomi – og gjer det dermed enklare å få lån.
  • Organiser deg. Meld deg inn i OBOS eller andre bustadbyggelag. Då kan du gå framom andre i køen når du konkurrerer om ein bustad. Set deg inn i kva område du kan tenke deg å kjøpe bustad i før du melder deg inn. Sjekk også om du har høve til å arve ansiennitet frå foreldre eller besteforeldre. Årskontingenten sparar du raskt inn igjen på medlemsrabattar på konsertar og andre gode tilbod.
  • Vel rett lån. Mange bankar tilbyr ei betre rente til dei yngste lånekundane sine. Desse blir mellom anna kalla førsteheimslån eller bustadlån for unge. Du kan også sjekke om du kvalifiserer til startlån frå Husbanken. Startlån er eit tilbod for dei som slit med å få innvilga bustadlån i ein vanleg bank. Det gjeld til dømes unge i etableringsfasen, einslege forsørgarar, eller andre med svak økonomi.
  • Tenk kollektivt. Som regel får du meir for pengane om du veljer å kjøpe bustad utanfor dei meste sentrale områda. Sjekk at kollektivtilbodet er godt, slik at du slepp dei utgiftene som kjem ved å eige ein bil. Offentleg kommunikasjon har stadig meir å seie for bustadprisane.