Har du tenkt at sparing i fond berre er for spesielt interesserte? Tvert imot, fondssparing har no blitt lett tilgjengeleg, og ei ypperlig spareform for alle som ønskjer betre økonomi. Med den nye appen Smartspar får du full oversikt over sparinga, og kan enkelt følgja utviklinga i fondet ditt. Kva du vil spara til er opp til deg.

  • Spara til noko du ønskjer deg. Smartspar er fleksibel og lèt deg spara både eit fast månadleg beløp og setja inn ekstra når det passar. Er det leilegheit i Toscana som motiverer deg? Eller berre tanken på større økonomisk fridom?
  • Spara til barna. Dette gir barna ein solid start på vaksenlivet. I Smartspar er det dessutan enkelt for andre å bidra i sparefonda til barna dine. Slekt og vener kan nemleg setja inn pengar i fondet når dei vil. Til dømes til jul og bursdager.
  • Spara til pensjon. Det er nye tider og fleire og fleire ønskjer å spara litt ekstra – til eigen pensjon for å halda levestandarden ved lag. Smartspar gjer dette enkelt og oversiktleg.
  • Full oversikt. Smartspar kan nyttast uansett kva bank du bruker. I 2019 kjem det eit nytt regelverk som gjer det mogleg å visa bankkontoane dine, uansett kva for ein bank du har dei i.

Last ned Smartspar og start sparinga allereie i dag


Kvifor lønner det seg å spara i fond?

Historia viser at fondsspararar set att med vesentleg meir enn kontospararane, medrekna nedgangar i økonomien.

– Når du samanliknar oppturar og nedturar i aksjemarknaden dei siste 120 åra ser du at den årlege verdiauken på aksjar ligg på gjennomsnittleg 9,5 %, fortel investeringsdirektør i Eika Kapitalforvaltning Stig Erik Brekke. Den tilsvarande auka for bankrente i same periode er 5 %.

– Det er lett å sjå at aksjefond lønner seg, men det er ein føresetnad at:

  1. Den som sparar må tole at det svingar. I Smartspar-appen har du full oversikt heile tida.
  2. Sparinga må vera langsiktig, nettopp på grunn av svingingane. Viss du sparar til ein Australiatur om to år, kan du heller spara på konto. Sparefondet rekk ikkje å gi deg så mykje avkastning på to år.

Kor risikabelt er aksjesparefond?

Dersom du har kjøpt aksjar i ei bedrift som det går dårleg med, ja, då kan du tape pengar. Det er nett denne risikoen eit aksjefond kan redusera til eit minimum: Eit aksjefond består nemleg av minimum 16 aksjer. Det er det lovpålagde minstekravet. Eika Kapitalforvaltning innfrir dette med svært god margin ettersom dei ulike fonda rommar frå 30 til 200 ulike aksjar.

– Dei som jobbar med å plassere sparepengane til kundane, gjer såleis dette med varsam hand og spreier innskota i ulike bransjar, for å minska risikoen for kvar einskild fondssparar, seier Brekke.


Det store biletet viser tydeleg at verdien på sparepengane aukar på sikt. Berre sjå på denne illustrasjonen:

graf som illustrerer verdistigning over tid for aksjefond
Biletet viser korleis ein nedgang på børsen er ein del av jamnlege svingingar, medan verdiane samla sett stig.

Kor mykje blir 1 000 månadlege sparekroner om 20 år?

Går vi ut i frå dagens rente set du att med 271 000 kroner i banken, mot 443 000 kroner i fond. Pengane kan faktisk tape seg over tid på bankkonto. Årsaka er at renteutviklinga i dag er svakare enn prisauken.

Viss du ønskjer å snakke med nokon, kan rådgivaren i lokalbanken din hjelpa deg. Då får du god hjelp til å sjå det økonomiske spelerommet som nett du har, etter at ein har teke omsyn til inntekt og gjeld.

Ta kontakt i dag for å ta fatt på draumen om ein romslegare økonomi.

Setja i gang sparing no? Last ned Smartspar