På måndag får me nye banksystem og det er mykje nytt både for oss som jobbar i banken og for kundane. Du kan oppleva noko ustabilitet, og det kan hende at me treng litt lengre tid enn vanleg for å hjelpa deg. Me står på og hjelper deg så raskt me kan!  

På grunn av oppdateringa er det nokre avvikande opningstider.

  • Fredag 8. september: drop-in tida på kontora i Aurland, Lærdal, Vik og Øvre Årdal er mellom kl. 10 og 12.  
  • Måndag 11. september vil banken vere stengt for kundebesøk. 

Kundesenteret i banken er ope alle dagar og me er sjølvsagt klare for å hjelpa deg. 

  • Måndag - fredag: kl. 07.00 - 21.00
  • Helg: kl. 09.00 - 21.00
  • Tlf. nr. 57 64 85 10
  • Epost: post@sognbank.no

I forkant av oppgraderinga er det blitt sendt ut mykje informasjon til kundane våre via epost, brev og sms. På lenka nedanfor får du meir informasjon om korleis oppgraderinga påverkar deg som privat- og bedriftskunde.