No har me lansert ein ny løysing med gebyrfri, elektronisk faktura via Digipost. Løysinga er berekna for bedrifter som ikkje er registrerte i ELMA-registeret, men som ønskjer å ha elektronisk faktura tilsendt. Finn ut meir om dei ulike faktureringsalternativa og vel den som passar best for di bedrift.

EHF-faktura

Er bedrifta registrert i ELMA-registeret vil du motta kredittkortfakturaen som EHF-faktura.

EHF står for Elektronisk Handelsformat, som er eit standardformat for elektroniske fakturaer. Stadig fleire bedrifter krev elektroniske fakturaer når dei kjøper og sel produkter og tenester.

EHF-faktura har fleire gunstige fordelar:

  • Bedrifta sparar tid og ressursar på elektronisk handtering av faktura
  • Mindre tid vert brukt på manuell behandling
  • Elektronisk faktura, kreditnota og purring vil spare miljøet for papir og sending av dokumenter med fly- og biltransport til posten
  • Berre eitt stad å levere og hente dokumenta

Elektronisk faktura via Digipost

For å motta faktura elektronisk og gebyrfritt i Digipost må du ha ei firmaprofil i Digipost. Når det er oppretta vil fakturaene automatisk sendast dit frå og med desember 2022. Dette gjeld berre for firmakundar som ikkje allereie er registrerte i ELMA og mottar EHF.

Papirfaktura

Er bedrifta ikkje registrert i ELMA-registeret og heller ikkje oppretta firmaprofil i Digipost, må me sende papirfaktura. I dette tilfellet påløper det eit faktureringsgebyr på 40 kroner.

Har du EHF-faktura eller elektronisk faktura via Digipost, men ønskjer papirfaktura i staden, kan du ta kontakt med vårt kundesenter så ordnar me det.