Aller først: Kvifor er det lurt å leggje til fleire kort?
Kort fortalt: Vipps er akkurat som ei lommebok. Det vil seie at du får alt av fordelar frå korta dine når du brukar Vipps på nettet og til bedrifter – uansett sum. Alt handlar om kva for eit kort du brukar når kjøpet blir gjennomført.Bankkonto og venebetaling
Nokre gonger held det med bankkontoen for å betale det du skuldar ein ven. Pengane overfører du enkelt og raskt – og jobben er gjord.Større kjøp – andre kort?
Andre gonger kan det vere fint å ha tilgang til andre kort eller kontoar enn dei du vanlegvis brukar. Kanskje du skal handle noko på nettet – til dømes ei flyreise? I desse tilfella er det lurt å registrere (leggje inn) både bank- og kredittkortet i Vipps. Då kan du bruke Eika Kredittkort til betaling av til dømes flyreiser for å kunne få gratis reise- og avbestillingsforsikring med på kjøpet. Vipps, så er beløpet betalt som om du tasta inn kortdetaljane sjølv.Slik legg du til fleire kort
- Vel «Profil».
- Vel «Konto og kort».
- Vel «Legg til konto» eller «Legg til kort».
- Fyll inn kontonummer eller kortnummer, utløpsdato og tryggleikskode (3 siffer på baksida av kortet).
- Vel «Legg til/Registrer».
Slik byter du kort når du kjøper noko
- Gjennomfør kjøpsløpet hos bedrifta.
- Opne Vipps.
- Under summen du betalar, kan du endre kort.
Hugs: Betaling til bedrifter er gebyrfritt Vi minner om at det er gebyrfritt for deg som handlar når du brukar korta våre i Vipps på nettet og til bedrifter – uansett sum. Gebyret på 1 prosent gjeld berre overføringar over 5000 kr mellom to vippsarar.
Har du endå ikkje fått kredittkort frå oss? Hugs at det løner seg å ha alle kort samla på éin stad. Og tryggast og mest oversiktleg er det å ha dei hos oss i banken. Effektiv rente ved utsett betaling: 25,11 %, v/15 000,– o./12 md. Kostnad: 1563,68 kr. Totalt: 16 563,68 kr.