Grunna endring av systemleverandør er vi nøydde til å avvikle fordelsportalen.
Det betyr i praksis at du ikkje lenger vil kunne kjøpe eller endre forsikringar ved å logge inn i Eika Fordel i mobil- og nettbanken.

Inntil vidare kan du bruke kontaktskjema for å endre den gjeldande tilleggsforsikringa di eller bestille ein ny. Vi jobbar kontinuerleg med nye og betre løysingar for administrasjon av tilleggsforsikringane, og vil kome tilbake til deg med meir informasjon etter kvart.

Sjølve forsikringsavtalen er ikkje rørt av denne endringa og forsikringa di vil framleis vere gjeldande etter at portalen er avvikla, akkurat som før.  
Forsikringsvilkåra blir heller ikkje påverka av denne endringa. Tilgangen til Eika Fordel blir fjerna i løpet av 15.10.2021.