Kortbetaling? Bruk kredittkortet når du handlar på nett
Det er i dag i prinsippet like trygt å bruka bankkortet som kredittkortet på nett, og du har om lag dei same reklamasjonsrettane på begge korta. Litt skilnad er det likevel: Dersom noko skulle skje med kredittkortet ditt er det ikkje pengane på bankkontoen din som blir råka. Det er banken sine pengar som blir borte. Derfor rår vi til at du brukar kredittkortet når du handlar på nett. På denne måten vernar du bankkontoen din mot eit eventuelt misbruk.
- Kredittkortet er ikkje knytt direkte til kontoen din, og du er forsikra mot ID-svindel
- Reise- og avbestillingsforsikring inkludert
- Ved manglande levering og konkurs har du gode reklamasjonsrettar som gjer at du får pengane attende
- Når du nyttar kredittkort kan du kontrollera alle transaksjonar og sjekka at alt er i orden før du betaler
Google Pay
Alle som har bankkort eller kredittkort frå oss kan no bruka Google Pay som betalingsmåte i fysiske butikkar og på nett. Perfekt for deg som har ein Android-mobil. For å koma i gang treng du berre å lasta ned Google Pay-appen og leggja til kortet ditt. Enkelt og greitt!
Fordelar
- Betal raskt med mobilen
- Du slepp å fylle inn kort- og adresseopplysningar kvar gong du handlar på nett
- Kan òg nyttast i fysiske butikkar
Vipps
Vipps nyttar ein ikkje lenger berre til vennebetaling, det kan òg nyttast i stadig fleire (norske) nettbutikkar. Bruk Vipps for rask betaling med mobilen. Hugs at du bør bruke kredittkortet når du handlar med Vipps, og i alle reise- og betalings-appane du har.
Fordelar
- Kjapp løysing i ein app du (sannsynlegvis) allereie har
- Alle kvitteringane blir samla i appen
- Ikkje tenk på kortnummer, utlaupsdato og sikkerheitskode – alt du treng er mobilen
Signer betalinga med BankID på mobil
Når du betaler direkte med kortet eller med Masterpass signerer du med BankID. Om du ikkje allereie har bytt ut kodebrikka, er det på høg tid:
- Med BankID på mobil slepp du å hugse på kodebrikka når du er på farten
- Vipps og andre betalingstenester kjem i aukande grad til å krevje BankID på mobil
- BankID er uavhengig av mobiloperatør, og du aktiverer løysinga frå nettbanken på nokre få minutt
- Like sikkert som vanleg BankID – berre enklare
Klarna Faktura
Vel du å bruke Klarna Faktura får du tilsendt ein faktura når du bestiller noko på nett, og treng dermed ikkje betale for vara eller varene med det same. Bruk Klarna Faktura når du ønskjer å prøve varene før du bestemmer deg. Hugs å registrera bankkortet ditt i tenesta, så blir rekningane betalte med bankkortet ved forfall.
Fordelar
- Treng du meir tid til å betale, kan du utsetje i opptil ti dagar
- Du får betalingspåminningar slik at du hugsar å betale
- Fakturaen blir oppdatert omgåande med det rette beløpet dersom du berre beheld nokre av varene
Ulemper
- Purregebyr om du betaler for seint