1. Reiseopplevingar i verdsklasse
    Som turist i eige land har Noreg mykje å tilby, og moglegheitene er mange til å få ein uforgløymeleg Noregsferie. Skulle du heller ynskje deg ein tur til Syden, så har du store delar av verda å velje blant. Hugs å betale for reisa med vårt kredittkort som sikrar deg ein tryggare ferie.

    Tips! Bestill hotellopphaldet med Visa sin kampanjekode på Booking.com og få opptil 6 % rabatt når du betaler med ditt Visa bankkort eller Eika Kredittkort, uavhengig om du er påmeldt fordelsprogrammet eller ikkje.

  2. Reise- og avbestillingsforsikring er inkludert
    Betal minst halvparten av reisekostnadene med kredittkortet frå oss, og få inkludert reise- og avbestillingsforsikring. Dette gjeld reiser både i Noreg og utanlands. Forsikringa dekkjer tapet ditt om du blir sjuk eller får stole verdisaker i ferien. Den gjeld òg ved forseinkingar i samband med flyreiser, sjølv når turen tek knapt ein time mellom Bergen og Oslo.

  3. Bankens pengar – ikkje dine
    Når du bruker kredittkortet frå oss, bruker du i praksis bankens pengar. Så om kortinformasjonen din kjem på avvegar og blir brukt av uvedkommande, er det bankens pengar som står på spel, ikkje dine eigne. Dette gir ein ekstra tryggleik, enten du er heime eller på reise.

Nyt sommaren utan bekymringar
Uansett kva planane dine for sommaren er, sørg for at du nyt tida utan bekymringar. Planlegg reisa di godt, og bruk kredittkortet ditt for ein trygg og komfortabel ferie.