Som med all anna netthandel lønner det seg å nyte kredittkortet framfor det vanlege bankkortet. Her er fem grunnar som fortel deg kvifor:

  1. Du har full kontroll på utgiftene
    Når du får tilsendt kredittkortfakturaen kan du sjekke transaksjonane før du betalar rekninga. Dermed oppdagar du raskt om noko ikkje stemme, eller om nokon av tenestene har vorte dyrare.

  2. Du har betre oversikt over nettabonnementa
    Det er lett å miste kontroll over kva du abonnerer på. Ved å betale alt med same kort, kan du enkelt logge deg inn i mobil- og nettbanken for å sjekke kor pengane har teke vegen.

  3. Du kan føle deg tryggere
    Om tenesta du abonnerar på vert hacka, eller du vert hacka, er det betre at det er kredittkortet som vert tappa enn bankkortet. Då vert pengane ikkje trekt direkte på bankkontoen din, men frå banken. Dessutan har du gode reklamasjonsrettigheiter og er forsikra mot ID-tjuveri dersom noko skulle skje.

  4. Du har alltid "penger på kortet"
    Det er kjipt om Netflix-abonnementet vert stoppa fordi du ikkje har dekning på brukskontoen. Med eit kredittkort kan du kjenne deg trygg på at betalinga går gjennom så lenge du held deg innanfor kredittgrensa.

  5. Du har fleire fordeler inkludert i kortet
    Eit kredittkort hjå oss er gratis og du betalar ingen årsavgift. Det kostar ingenting å eige og bruke kortet, og du får inntil 45 dagars betalingsutsetting før rekninga må betalast.