Over 1,7 millionar nordmenn har opplevd nestenulukker på grunn av manglande refleksbruk. Marginane er altfor små frå ei nestenulukke til ei alvorleg ulukke.

Sekundane tel
Går du utan refleks vil ein bil i 50 km/t berre ha 2 sekundar på å sjå deg i mørkeret. Brukar du refleks har derimot bilisten 10 sekundar til rådvelde.

Berre 4 av 10 brukar refleks
Kvar vinter utførar Trygg Trafikk fysiske teljingar over heile landet for å finne ut kor mange som faktisk brukar refleks. Teljingane viser at det berre er 4 av 10 vaksne som brukar refleks. Dårlegast er vaksne i alderen 30 år + og menn. Barna er flinkast.

Bruk refleks!

Kjelde: Trygg trafikk