- Vi anbefaler at folk sjekkar taket sitt kvar vår - både for å sjekka at alle taksteinar er like heile og held seg på plass, men også for å kontrollera at avrenning frå smeltevatn har fri passasje via takrenner og stikkrenner, seier Skadesjef i Eika Forsikring, Arild Frisli.

Tung snø gir slitasje
Du har kanskje høyrt det eit par gonger og fått ein støkk når snø har rasa ned frå taket ditt med eit brak. Slik snøras frå taket slit på både takstein og takrenner. Tung og våt snø gjer at takstein kan både sprekkje og sige – og det gjer taket utsett for fuktskadar dersom man ikkje får det fiksa om våren.

Se derfor etter:

  • Sprekkjer i takstein etter frostspreng
  • Overgangar mellom taksteinane – Ligg dei laust eller har det sige?
  • Overgangar mellom takrenner og stikkrenner – Er dei bøygd eller tette?

Gamle og nye tak
Spesielt utsett er gammal takstein som kan trekkje til seg vatn. Men det er vanleg på dei fleste tak at ein og annan takstein kan ryke, også på forhaldsvis nye tak.

Flate tak
For flate tak er det ekstra viktig å sjekke at avrenninga har fri passasje, og at sluk og nedløpsrøyr ikkje er tette.

Korleis sjekkar du taket?
- Tak må sjekkast fysisk, men aldri gå på eit tak utan skikkeleg sikring, seier Frisli. Han anbefaler at ein helst nyttar profesjonelle ved taktekking.

#tavarepå huset ditt, og snakk med oss om husforsikring.