Tips for å unngå brann i huset
  • Gnistfangar framføre peis og sikker handtering av oske 
  • Brennbare gjenstandar i god avstand frå varmekjelder 
  • Lyspærer tilpassa i styrke for skjermar og lampar 
  • Barnesikring for kontaktar som ikkje er i bruk 
  • Vurder montering av overspenningsvern 
  • Dersom el-anlegget er gammalt. Få utført El-sjekk av det elektriske anlegget 
  • Trekk ut leidningar til dei straumførande apparat ved fråvær (TV, PC, kaffitraktar, osv.) 
  • Leidningar og kontaktar som har blitt gamle, skada eller sprukne må skiftast 
  • Verneutstyr: røykvarslarar, pulverapparat (min 6 kg.) og/eller husbrannslange. Må kontrollerast regelmessig 
  • Elektriske apparat må vere reine og i god stand 
  • Røyk aldri på senga 
  • Sløkkjemidel for hand ved grilling 
  • Avtrekksvifte må vere rein og feittfri

Bruk av levande lys
  • Forlat aldri levande lys. 
  • Sørg for at levande lys står stødig 
  • Unngå lysmansjettar og pynt av brennbart materiale. 
  • Plasser ikkje levande levande lys i nærleiken av brennbart materiale som dukar, gardiner, reolar og liknande. 
  • Bruk aldri lysestakar av brennbart materiale. 
  • Flytt aldri eit brennande lys. 
  • Bruk gjerne sjølvsløkkjande lys, men med same tryggingsreglar som ved vanlege lys. 
  • Telys må plasserast i haldar som har god luftgjennomstraum og toler sterk varme. 
  • Plasser aldri telys i juledekorasjonar av brennbart materiale. 
  • Dersom telyset plutseleg flammar opp, må du ikkje sløkkje med vann, men kvele flammen med lysesløkkje, brannteppe eller liknande.

Når du lagar mat
  • Hald alltid oppsikt med ein komfyr som står på. 
  • La aldri komfyren stå på mens du er ute av huset. 
  • Bli i kjøkkenet til maten koker opp, og skru ned varmen før du eventuelt går ut av romma.
  • Hald deg i umiddelbar nærleik til kjøkkenet mens maten kokar. 
  • Ved steiking blir temperaturen gjerne høgare enn ved koking, og feitt/olje kan lett ta fyr dersom det blir for varmt. Du bør derfor opphalde deg i umiddelbar nærleik til komfyren heile tida mens du steikjer med sterk varme. 
  • Du må aldri forlate kjøkkenet mens du jobbar ved smultgryta. 
  • Ved brann i smultgryte må du ikkje sløkkje med vatn. Ha eit lokk eller ei steikjeplate klart og set det over gryta slik at flammen blir kvelt. 
  • Reingjer avtrekksvifta på kjøkkenet regelmessig så den er rein og feittfri. 
     
Røykvarslarar 
  • Sjekk røykvarslaren og byt batteri 1. desember (på Røykvarslerdagen) kvart år. 
  • Er røykvarslaren eldre enn 10 år bør du byte heile røykvarslaren. 
  • Trådlause seriekopla røykvarslarar blir anbefalte av alle som driv med brannvern. Pip ein – pip alle. 

Kva gjer eg dersom det brenn?
Rekkjefølgja på det du må gjere dersom ein brann har oppstått vil variere frå tilfelle til tilfelle, dette må kvar og ein vurdere sjølv der og då. 

Dersom ein brann har oppstått har du tre oppgåver: 
Redde - sørg for at alle kjem seg ut i tryggleik 
Varsle - varsle brannstellet på nødnummer 110 
Sløkkje - forsøk å sløkkje utan å utsetje deg sjølv eller andre for fare