Mange brannar starter i det elektriske, og det er varierande kvalitet på lysa ein bruker til å pynt med i desember. 

Sørg for å ha skikkeleg lys til utandørs bruk 
Mange dekorerer hus, buskar og trær med lys i advents- og juletida. Då er det viktig å sørgje for at ein får tak i skikkeleg utstyr etla utendørs bruk, slik at det toler å stå utandørs i vind, vatn og kulde. Dersom ein kjøper utandørsbelysning i faghandel her i Noreg, kan ein vere rimeleg sikker på at ein får skikkeleg utstyr.

Her finn du 10 gode råd for ei trygg julebelysning
  • Alder - Sjekk alltid julebelysninga for sprukne ledningar og andre svekkingar. 
  • Gammal belysning - Vær merksam på at gamle pærer til juletrebelysninga kan avgi høg varme. 
  • Ute - Bruk berre skøyteledningar som er laga for utandørs bruk. Desse skal berre pluggast inn i utekontaktar som er montert av ein elektroinstallatør. 
  • Natt - Skru av juletrebelysninga før du legg deg og når du ikkje er heime. Trekk ut kontakten og bruk ikkje pærene som brytarar. 
  • Kabelklem - Unngå at kablar klemmes i dører eller vindaugskarmar. Dette kan føre til at kabelen blir farleg å ta på. 
  • Kablar i vegen - Pass ekstra på barn og dyr i nærleiken av leidningar. Hugs også at skøyteleidningar kan vere både snuble- og brannfeller. 
  • Jording - Dersom du har installert jordfeilbrytar, er det lurt å sjekke at denne fungerar med testknappen. 
  • Ring elektrikar - Skal du dekorere heile huset med belysning, bør du ringje ein elektrikar. Då kan du vere trygg på at anlegget tolker bruken og at du unngår farleg overbelastning. 
  • Spar miljø og pengar - Du kan spare straum ved å skifte til LED-belysning og tidsstyring. 
  • CE-merke - Julelys bør i det minste vere CE-merka,men vær klar over at dette ikkje seier noko om kvaliteten på produktet. Sjekk óg at du har valt riktig CE-merke. 

Kilde: NELFO