Vanlegvis vender vi heim utkvilt, solbrune og lukkelege etter ferie – men dessverre er det alltid ein risiko for tjuveri og tap av bagasje. Kva forholdsreglar bør vi eigentleg ta før vi reiser? 

 

Uhell kan alltid skje, men den største tabben du kan gjere, er å ikkje ha reiseforsikring.  

 

 

Salssjef i Eika Forsikring, Heidi Moe Lund, slår fast at reiseforsikring er din beste venn når du skal ut på tur. 

 

Forsikringa dekkjer det meste 
Ei god forsikring dekkjer alle dei vanlegaste uhella du kan oppleve på ei reise. 

 

- Det inkluderer dei vanelegaste skadetypane som er reisejuke, tjuveri av reisegods og forseinka bagasje. Ei reiseforsikring dekkjer deg 24/7, og gjeld uansett om du skal tre veker på safari i Afrika eller ein snartur på hytta, forklarer Moe Lund.

 

Legg solbrillene i handveska
Likevel kan det vere greitt å vere klar over kva som ikkje blir dekt av forsikringa di. 

 

- Det gjeld for eksempel hendelege uhell eller skadar du sjølv påfører gjenstandane dine. Ein klassikar er at du mister mobilen i bakken slik at skjermen blir knust. Dette vurderer vi som ein del av dagleglivets risiko, forklarer salssjefen.

 

Solbriller og briller som blir øydelagde i transport blir heller ikkje dekt. 

 

- Ikkje legg desse i kofferten, men plasser dei trygt i handveska før du reiser, er rådet frå Moe Lund.

 

Må du ha med iPaden?
Salssjefen oppmodar også til å tenkje over kva du faktisk treng å pakke med deg.

 

- Det er typisk at vi har med større verdiar på reisa enn tidlegare. Treng du eigentleg å ha med deg PC, iPad og dei dyraste smykka dine for ein weekendtur? Sjølv om du får igjen pengar om noko skulle skje, kan det vere stor affeksjonsverdi bunden til desse gjenstandane, seier ho.

 

Kjøp reiseforsikring digitalt 
Dersom du ikkje allereie har reiseforsikring oppmodar eg deg til å fikse det med ein gong. - Det er berre snakk om eit par enkle klikk og vips så er du dekt på din neste tur, avsluttar Moe Lund. 

Kjøp reiseforsikring her.