Sogn Sparebank er oppteken av å vera ein medspelar i og for lokalmiljøet. Me er ein bank som er eigd og styrt frå Sogn, og det er viktig for oss å gje tilbake til Sogn. Gåvemidlar er ein måte å gje tilbake på, og me gler oss over at det no er ope for å motta søknadar. 

Gåvefondet støttar opp om aktivitetar i lag og organisasjonar og andre gode allmennyttige føremål som er med å skape trivsel, utvikling og mangfald i lokalsamfunna våre.

Kva er allmennyttige føremål?
Allmennyttige føremål er prosjekt eller tiltak som kjem flest mogeleg til gode, i dei områda Sogn Sparebank er til stades i. 
Gåvemidlane skal skapa verdiar og hjelpe lag og organisasjonar til å gjennomføre idear og tiltak som kjem flest mogeleg til gode.  

Kven kan søkje gåvemidlar?
Alle lag, organisasjonar, enkeltpersonar, samt andre allmennyttige tiltak i vårt lokalområde kan søkje. 

Kva er søknadsfristen?
Søknaden må vere motteken innan 22. mars for å vere med i vurderinga. 

Korleis søkjer eg?
Fyll ut søknadsskjema nedanfor.
Søknaden sendast fortrinnsvis per epost til gavefond@sognbank.no
eller per post til Sogn Sparebank, Statsråd Evensensveg 8, 6885 Årdalstangen.
Merk emnefelt eller konvolutten med "Søknad gåvefondet".

Last ned søknadsskjema

Kva skjer etter at gåvemidlane er utdelt?
Det vert forventa at alle som får tildelt midlar frå gåvefondet, utarbeidar ein kort evalueringsrapport som orienterar om gjennomføring og rekneskap.
Banken kan krevje midlane attende dersom prosjektet ikkje vert gjennomført.

Avslag
Sogn Sparebank vil ikkje grunngje eventuelle avslag på søknadar.