Det er kundeval 14.-20. februar. Bli med å påverke banken din!
Kven kan stemme ved kundevalet?
Sparebanken sine myndige kundar som har, og i dei siste seks månadane har hatt eit engasjement på minimum 5.000 kroner har stemmerett ved val av kundane sine medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga.Kvart kundeforhold gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lova eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn 2 stemmer, ei på grunnlag av eige kundeforhold, og ei som representant for annan kunde.
Korleis kan eg stemme?
I år vert det digitalt val, med innlogging med BankID. Dei som ikkje har høve til å nytte denne løysinga, kan stemme over skranken på kontora i oversikta nedanfor. Lenke for å stemme ved kundevalet vert sendt ut per epost til kundar i banken. Stemmeinformasjon vert sjølvsagt også tilgjengeleg på nettsida.
Det vert også mogeleg å nytte ei skrankeløysing for dei som ikkje har høve til å stemme digitalt. Det vil vere mogeleg å stemme ved følgjande kontor:
- Aurland man-fre kl. 12 - 14
- Lærdal man-fre kl. 12 - 14
- Vik man-fre kl. 12 - 14
- Årdalstangen tys, ons og tors kl. 12 - 14
- Øvre Årdal man-fre kl. 12 - 14
Her er kandidatane som er på val:
Kandidatane er oppført etter valkrets (Aurland, Årdal/Lærdal, Vik)
Valkrets Aurland
I Aurland skal det veljast 1 fast medlem til Generalforsamlinga.
Lokal valnemnd område Aurland innstiller fylgjande kandidatar, som har sagt seg villige til å stille som kandidatar, til komande kundeval for perioden 22/25.
- Bjørn Ebne, 50 år, Aurland
Arbeidsstad: Hafslund Eco As
- Lene Hagen, 45 år, Gudvangen
Arbeidsstad: Gudvangen Camping
- Torbjørn Tveite Molvær, 29 år, Aurland
Arbeidsstad: Aurland Bil og Maskin AS
- Terje Horvei, 60 år, Aurland
Arbeidsstad: Aurland barne- og ungdomsskule
Valkrets Årdal/Lærdal
Lokal valnemnd område Årdal/Lærdal innstiller fylgjande kandidatar, som har sagt seg villige til å stille som kandidatar, til komande kundeval for perioden 22/25:
- Fast medlem: Bente Kristin Øien Hauge, 65 år, Lærdal
Arbeidsstad: Pensjonist
- Varamedlem Kristin Haug Moen, 28 år, Årdal
Arbeidsstad: Bilfinger Årdal
Valkrets Vik
I Vik skal det veljast 1 fast medlem og 1 varamedlem til Generalforsamlinga. Den med flest stemmer blir fast medlem, og den med nest flest stemmer vert varamedlem.
Lokal valnemnd område Vik innstiller fylgjande kandidatar, som har sagt seg villige til å stille som kandidatar, til komande kundeval for perioden 22/25:
- Bjarne Engum, 30 år, Vik i Sogn
Arbeidsstad: gardbrukar
- Lars-Magnus Bungum, 18 år, Vik i Sogn
Arbeidsstad: lærling
- Eivind Sverre Lidal, 56 år, Vangnes
Arbeidsstad: gardbrukar/turisme