Banken si historie

Sogn Sparebank er eit resultat av ei samanslåing mellom Aurland Sparebank, Vik Sparebank og Indre Sogn Sparebank i april 2019. 

Aurland Sparebank vart skipa 18. mai 1883. Vik Sparebank vart skipa 06. juni 1846. Lærdal Sparebank, skipa i 1860, Årdal Sparebank, skipa i 1906, og Borgund Sparebank skipa i 1915, vart samde om å fusjonera i 1971. Som ei følgje av dette, vart Indre Sogn Sparebank etablert i 1972. 

Med mykje bankhistorie og lokalkunnskap i bagasjen, legg me ut på ferda inn i den nye tida.

 

Eigd og styrt frå Sogn 

Sogn Sparebank er eigd frå Sogn, styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt området. I tillegg jobbar me tett på næringslivet og kjenner både kundar og området godt.
 

7 kontor

Sogn Sparebank har ein desentralisert struktur utan hovudkontor, med forretningsadresse registrert på Årdalstangen. Me er sterkt til stades i Sogn, med kontor i Aurland, Lærdal, Vik, Sogndal, Øvre Årdal, Årdalstangen. I tillegg til har vi eit kontor sentralt i Bergen.
 

Ein del av Eika Alliansen

Banken er ein del av Eika Alliansen. Alliansen består av 66 lokalbankar, Eika Gruppen og Eika Boligkreditt, og har ein samla forvaltningskapital på over 360 milliardar kroner, nær ein million kundar og meir enn 3000 tilsette.  Dette gjer Eika til ein av dei største aktørane i den norske bankmarknaden – og ein av dei viktigaste aktørane for norske lokalsamfunn.