Fordelar ved å spare i namnet til barnet:
Midla står i namnet til barnet og kan ikkje brukast av den som disponerer kontoen.
Fondssparing tilhøyrar barnet og vil ikkje inngå i buet viss foreldra skilst eller døyr.
Dei oppsparte midla vil ikkje inngå i formuen til foreldra.
Ulemper ved å spare i namnet til barnet:
Som forelder eller formyndar mistar ein tilgang til fondssparinga når barnet har nådd den alderen som er sett for at dei sjølv skal få disponera midla. I dei fleste tilfella vil det seie når barnet fyller 18 år. I Smartspar er det i midlartid mogleg å setja denne grensa høgare, opp til 25 år.
Dersom sparebehaldninga til barnet overstig 2G, kan Fylkesmannen avgrensa disposisjonsretten til foreldra over midla.
Dersom sparebehaldninga til barnet er større enn kr 428.861,- (2020 tall) blir stipendet frå Lånekassen gradvis redusert ut frå kor stor nettoformue du har. Les òg meir på Lånekassen sine sider her