I ein bransje der kvart prosjekt har stramme tidsfristar og marginane er små, kan sjukefråvær vere ei utfordring. Her kjem helseforsikring inn i biletet som ei banebrytande løysing.

Vernar den viktigaste ressursen

– Som bedriftsleiar er menneska du jobbar med, ofte den viktigaste ressursen du har. Dette gjeld særleg i små- og mellomstore selskap der det kan vere veldig kritisk om ein tilsett blir borte, understrekar Anita Heyerdahl, produktsjef for helse og personale i Eika Forsikring.

Ho legg til at i ein bransje som er så fysisk krevjande, kan ei helseforsikring redde dagen. Ikkje berre for bedrifta, men også for dei hardtarbeidande folka bak hammaren og skrunøkkelen.

Heyerdahl gjev fem gode grunnar til kvifor ei helseforsikring er ei solid investering for bedrifta di:

  1. Rask diagnostisering og behandling
    Med ei helseforsikring i lomma kan deil tilsette få tilgang til medisinsk hjelp i løpet av 10 yrkedagar. Det gjev mindre ventetid og raskare retur til arbeidet.
  2. Fysikalsk behandling
    Ei god helseforsikring gjev tilgang til fysikalsk behandling utan tilvising, noko som er avgjerande for dei som jobbar i ein fysisk krevjande bransje som bygg og anlegg.
  3. Rehabilitering
    Rehabilitering er nøkkelen etter ein skade. Med tett oppfølging frå medisinsk personell før, under og etter behandling kan dei tilsette kome tilbake i form og tilbake til arbeidet raskare.
  4. Tilgang til medisinsk personell
    Kvalitetssikring er viktig, og med ei helseforsikring får du og dei tilsette tilgang til eit uavhengig medisinsk råd som sørgjer for kvalitetssikring av sjukehus og legar.
  5. Videolege
    I ein hektisk kvardag er det ein bonus å ha tilgang til legetenester over video, slik at dei tilsette raskt kan få hjelp utan å måtte ta fri frå arbeidet eller reise langt.

Stadig fleire bedrifter kjøper helseforsikring

Investering i helseforsikring er ikkje berre ei smart økonomisk avgjerd, men også eit teikn på at du bryr deg om teamet ditt. Dette er god personalpolitikk og passar godt til dagens medvitne arbeidskraft. Dessutan, kven vil vel ikkje ha ein trygg og sunn gjeng med handverkarar som står klare til å takle neste prosjekt med god helse?

– Sjølv om Noreg har eit fantastisk offentleg helsevesen, med medisinsk kvalitet i verdsklasse, finst det likevel nokre avgrensingar som gjer at enklare inngrep ofte hamnar i kø, fortel Heyerdahl.

Det er dei svakaste, sjukaste og eldste som oftast blir prioriterte først.

– Det er ei av dei viktigaste årsakene til at bedrifta di bør sikre dei tilsette. Helseforsikringa gjev rett til same type behandling gjennom privat spesialisthelseteneste som du kunne fått via det norske offentleg finansierte helsevesenet, avsluttar Heyerdahl.

Helseforsikringa er ein viktig byggjestein for å sikre ei stabil og sunn framtid for bedrifta di, og sørgjer for at du er rusta til å møte utfordringane som kjem din veg i bygg- og anleggsbransjen. Så kva ventar du på? Utforsk helseforsikringsalternativa dine i dag, og ta eit steg mot ein sunnare og meir produktiv morgondag for bedrifta di.