Når alt går som det skal tenkjer du ikkje på forsikringar, forholdsreglar og sikkerheit. Likevel, får du orden på slike ting i forkant av reisa di, slepp du ubehagelege overraskingar og ferien blir ein einaste lang sjarmøretappe av hygge og kvile. Sikkerheitssjef i Eika, Steingrim Soug, har gitt oss nokre gode tips:

Før du drar:

  • Sørg for å ha forsikringane i orden, så blir du tatt vare på om uhellet er ute. Eit minimum er innbuforsikring og reiseforsikring.
  • Noter viktige telefonnummer. Kvar ringjer du dersom du må sperre kortet?
  • Har du alarm? Sjekk at han verkar.
  • Lås alle vindauge og dører før du drar.
  • Nabolag der ein passar på kvarandre er lite attraktive for innbrotstjuvar. Be ein nabo oppbevare posten til du kjem attende. Langfingra folk ser gjerne ein full postkasse som ein invitasjon.

Medan du er på ferie:

  • Ikkje bruk sosiale medier til å kringkaste at du er bortreist. Dette blir plukka opp av innbrotstjuvar som leitar etter potensielle mål.
  • Ifølgje SSB blei det i 2016 meldt 8100 tjuveri begått i utlandet. Unngå å oppbevare verdisaker i vesker og bagar som lett kan bli nappa. Vit også at ein ryggsekk enkelt kan åpnast utan at du merkar det.
  • Ikkje legg passet, lommeboka og mobilen synleg fram på bordet når du er på offentlege stader.
  • Sørg for at mobilen din minimum er låst med skjermlås. Får tjuven tak i dei person-sensitive opplysningane på mobilen blir ferien din ein einaste kamp mot identitets-tjuven. Går du for såkalt to-trinns-innlogging til Facebook-, Instagram- og e-postkontoane dine, blir det mykje vanskelegare for hackarar å stele identiteten din. Dette betyr enkelt og greitt at du alltid må gjennom to trinn for å logge inn: først med passord, deretter med ein kode som du får på SMS.
  • Skulle uhellet vere ute, meld inn skade til forsikringsselskapet så fort som mogeleg.

Bruk av kort:

  • Pass godt på kortet ditt og avslå alle tilbod frå ukjende personar som vil hjelpe deg med uttak i minibanken.
  • Bruk minibankar som er inne i bankfilialar, kjøpesenter og andre folkerike stader. Slike har mindre risiko for å bli forsøkt lurt av kriminelle.
  • Gøym alltid PIN-koden og ver merksam på personar som kikkar deg over skulderen.
  • Ha fleire kort som går til feriekontoen, og oppbevar desse på ulike stader. Eitt kan for eksempel vere innelåst i hotellsafen. Vi tilrår også å ha med deg kredittkort på reisa.
  • Kontakt sperretenesta med ein gong om kortet blir mista, stole eller misbrukt.

Truleg har du tenkt på mykje av dette sjølv, men vi håpar det var ei nyttig påminning. Då står det berre att å ønskje deg ein riktig god og sikker ferie!