Bankgaranti
- Gir kjøpar og seljar ekstra tryggleik
- Kan vere ein fordel i forhandlingar og ein føresetnad for å vinne ein kontrakt.
- Økonomisk kompensasjon dersom avtalen ikkje blir halden.
Vi garanterer at eit bestemt beløp blir utbetalt dersom bedrifta di ikkje klarar det innan avtalt tid. Lurer du på noko rundt ein slik bankgaranti, er det berre å ta kontakt med oss.
Ein bankgaranti er eit bindande løfte frå banken om å utbetale eit bestemt beløp til ein tredjeperson, dersom banken sin kunde ikkje oppfyller sine forpliktingar. På denne måten fungerer garantien som tryggleik for mottakaren. Sidan banken stiller som kreditor, må vi ta pant for å stille tryggleik for di bedrift.
Forpliktingane kan for eksempel vere levering av varer, utføring av oppdrag eller kontantbetaling. Uansett type forplikting, tar banken berre på seg ansvaret for betalinga og ikkje for å levere den opprinnelige forpliktinga.
Garantitypar kan vere entreprenørgaranti i henhold til norsk standard eller bustadsoppføringslova, betalingsgarantiar, forskotsgarantiar, med meir.
Rådgjevar bedrift
90 63 61 88
Bedriftsrådgjevar - fagansvarleg kreditt
57 64 85 20
Rådgjevar bedrift
57 64 85 40