Hopp til innholdet

Aurland Kontorhub  

Aurland Kontorhub held til i tredje etasje i Sogn Sparebank sitt bygg på Aurlandsvangen. Her finn du innflyttingsklare og nyoppussa kontorlokale. Kontorhuben er perfekt både for bedrifter og enkeltpersonar som ynskjer å dele kontorlandskap med andre, og slå av ein prat i lunsjen.

Møterom Aurland Kontorhub

Totalt har kontorhuben 3 separate kontor med 2 kontorplassar i kvar, og 6 kontorplassar i opent landskap. Leigetakarar med eit fast og langsiktig leigeperspektiv blir prioritert først.

 

Fasiliteter og tenester som inngår i leige av Aurland kontorhub

  • Lyse, fine lokale
  • 24h adgang til kontoret
  • Låsbart kontor eller kontorskap
  • Toalett
  • WIFI/Internett/Gjestenett
  • Kopiering/skanning
  • Møterom
  • Stillerom
  • Heis
  • Kjøkken
  • Parkering (10 delte plassar for alle leigetakarane)
  • Rengjering
  • Lager (etter avtale)
  • Fellesareal for lunsj og sosialisering
  • Garderobe

 

Kontorplass i fellesareal:

  • Låsbart kontorskap
  • Fast kontorplass
  • Skrivebord og kontorstol

 

Kontor i form av eksklusivt areal:

  • Låsbart kontor, eksklusivt for leietakeren
  • 2 skrivebord og 2 kontorstoler

 

Prisar:

Kontorplass i fellesareal: 3 500 kr per mnd

Eige kontor med plass til to stk: 7 500 kr per mnd

 

Interessert i å leige kontorplass?

Ta gjerne kontakt med oss på kontorhub@sognbank.no
Bilete av Aurland Kontorhub