Hopp til innholdet
Jenter tar selfie på stranda ein solfylt dag.

Eika Kredittkort
  • Gode forsikringar
  • Fordelsprogram med faste rabattar og kampanjar
  • Ingen årsgebyr, gratis digitalt kort og inntil 45 rentefrie dagar

Lurt å ha bank- og kredittkort på ein stad!

Kredittkortet er det beste valet når du bestiller reiser, betaler i utlandet eller handlar på nett og i app.

Har du allereie eit bankkort hos oss, bør du også søke om eit Eika Kredittkort. Med begge korta i lomma er du i trygge hender når du tek deg av kvardagshandelen eller utforskar den store verda.

Eika Kredittkort er eit enkelt kort med mange gode fordelar og fleire smarte digitale korttenester som du finn i mobil- og nettbanken. Du får både eit fysisk og eit digitalt kort som du kan bruke ca. 24 timar etter at søknaden er godkjend. Då kan du enkelt leggje inn kredittkortet i digitale lommebøker som Google Pay, Samsung Pay og Vipps lenge før det fysiske kortet kjem i posten.

Vi anbefaler at du legg inn ditt digitale kort i alle appar, nettbutikkar eller straumetenester du bruker til dagleg. Då er du godt sikra om noko uventa skulle skje.

Meld deg på fordelsprogrammet vårt og spar nokre kroner når du bruker kortet. Påmeldinga finn du blant korttenestene i mobil- og nettbanken.

Priseksempel Eika Kredittkort:

Effektiv rente 27,16 % v/15 000 kr o/12 mnd. Kostnad 1 973,75 kr.
Totalt 16 973,75 kr.

Sjekk prislista og avtalevilkåra for meir informasjon.

Spørsmål og svar om kredittkort

Eit kredittkort er eit betalingskort som kan brukast til å gjere kontantuttak eller til å kjøpe varer og tenester. Vil du vite meir? Her finn du ei enkel forklaring på kva eit kredittkort er og korleis du bruker det riktig.

Du må vere 18 år eller eldre for å kunne søkje om Eika Kredittkort. Har du andre kredittkort frå før, bør du avslutte desse før du søkjer om eit nytt kort.

Søknaden finn du på denne sida og i mobil- og nettbanken. Den er enkel å fylle ut og du signerer dokumenta elektronisk med BankID.

Før vi avgjer om du kan få kredittkort hos oss, er vi pliktige til å gjere ein kredittsjekk av deg.

  • Dei fleste søknader blir godkjende automatisk rett etter at kredittsjekken er utført.
  • I nokre tilfelle treng vi litt meir informasjon, og søknaden blir då sendt til manuell vurdering.
  • Har du fleire andre kredittkort eller usikra forbrukslån, kan det hende at vi ikkje kan gi deg Eika Kredittkort, og du får avslag. I det tilfellet kan du ta ein prat med oss, så kan vi saman sjå på moglegheitene for refinansiering.

Har du spørsmål om søknaden eller treng hjelp undervegs, ta ein prat med oss, så ser vi på det saman.

Med Eika Kredittkort er du godt sikra både når du er på reise og når du handlar på nett.

Desse forsikringane er inkludert i kredittkortet:

  • Reise- og avbestillingsforsikring når minimum 50 % av reisens kostnader til transport og overnatting er betalt med kredittkortet.
  • ID-tjuveriforsikring så lenge kortet har vore i bruk i løpet av dei siste 45 dagane før uhellet inntreff.

Det er lurt å bli betre kjent med forsikringane, så ta ein titt på våre infosider.

Det enkle svaret er: Nei!

Det kostar ingenting å melde seg i fordelsprogrammet, og du finn påmeldinga under korttenestene i mobil- og nettbanken. Avmeldinga finn du på same stad dersom du finn ut at fordelar og kampanjar ikkje er noko for deg.

Du får inntil 45 dagars rentefri betalingsutsetjing når du brukar kredittkortet og vil motta månadleg faktura med forfall den 5., 15. eller 25. avhengig av kva forfallsdato du vel i kredittkortsøknaden. Du kan velje mellom eFaktura og faktura per post og enkelt gjere ekstra innbetalingar i mobil- og nettbank. Vil du vite meir om fakturering, sjekk fakturaskulen.




Mann les avisa medan han nyt ein kopp kaffi på ein kafé og har laptopen open.

Treng du kredittkort for jobbutlegg?

Då bør du vurdere Eika Tilsett. Kortet er ideelt for deg som reiser mykje og har fleire jobbrelaterte utgifter frå ein eller fleire arbeidsgivarar. Med Eika Tilsett kan du enkelt halde jobb- og privatøkonomien åtskilt, noko som gir deg betre oversikt og kontroll.