Hopp til innholdet

Personopplysningar og arbeid mot økonomisk kriminalitet

Nokre av kundane våre lurer på kvifor dei må legitimera seg og svara på spørsmål om bankforholdet sitt, sjølv om dei alltid har vore kundar i banken. Her får du svar på kvifor.

Person på data

Saman mot kvitvasking

Som bank har me eit ansvar for å bekjempa økonomisk kriminalitet, svindelforsøk og ID-tjuveri. Me er derfor pålagt å kjenne identiteten til alle våre kundar og innhente legitimasjon og opplysningar om deg som kunde, slik at me aktivt kan beskytte dine økonomiske interesser og ivareta vårt samfunnsansvar. 

Par som ser på mobilen

Har du fått melding om å legtimera deg i banken?

Nokre av kundane våre lurer på kvifor dei må legitimera seg og svara på spørsmål om bankforholdet sitt, sjølv om dei alltid har vore kundar i banken. Her får du svar på kvifor.

Ofte stilte spørsmål

Me anbefalar at du tek med pass, som er den sikraste formen for legitimasjon i Norge. Med pass meinar me norsk pass, utenlandsk pass, norsk utlendingspass og reisebevis for flykningar med RFID.
Det er viktig at du legitimerer deg slik at informasjonen me har liggande i arkiva våre er oppdatert og korrekt. Dersom du ikkje oppdaterer kundeidentiteten din med gyldig pass eller ID-kort, er konsekvensen at kontoar eller kort blir sperra for uttak inntil me har registert oppdatert legitimasjon.
Løyve om tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering (Kvitvaskingsloven) krev at alle norske bankar har kjennskap til korleis kundane bruker produkta og tenestene til banken - og dette må registrerast og oppdaterast jamleg. Me som bank har eit ansvar for blant anna å kjempa mot svindelforsøk, ID-tjuveri og økonomisk kriminalitet som skattesvik, kvitvasking og terrorfinansiering. Svara dine er derfor eit viktig bidrag. 
Myndigheitane pålegg bankane å ha kjennskap til sine kundar, og kva produkt og tenestar dei nyttar. Dette må derfor registrerast og oppdaterat gjennom heile kundeforholdet. Derfor får alle desse spørsmålene uavhengig av kor lenge ein har vore kunde. Me anbefalar å ha Sogn Sparebank mobilbank/nettbank for å oppdatere informasjonen din jamleg. 
Det er viktig at du svarar slik at banken har informasjon som er riktig og oppdatert. Dersom me ikkje får svar, kan konsekvensen bli at mobilbank, nettbank, kort og konto blir sperra inntil me får innhenta svara dine.
Ein kundeerklæring innheld ei rekkje spørsmål banken stiller for å halda oppe lovverket som myndigheitane stiller til banken. Det er her viktig at ein tenkjer gjennom kva ein brukar banken til slik at svara dine blir mest mogleg korrekt. Dersom ein oppgir feil opplysningar i kundeerklæringa si må ein forventa at ein kan bli kontakta av banken eller få tilsendt nytt skjema. Alle kundar uansett alder må fylle ut ein kundeerklæring, dette er ein eigenerklæring og det er derfor viktig at du fyller den ut på eiga hånd. Dersom ein er under 18 år eller under verjemål skal foreldre/verjer fylle ut. 
Ring kundesenteret vårt så fort som mogleg for bistand på 57 64 85 10.

Noreg, USA og OECD-landa har inngått avtale som pålegg norske bankar å gi opplysningar om kundane deira til dei nasjonale styresmaktene i tråd med amerikansk lovgivning Foreign Account Tax Compliance Act (FATCA) og Common Reporting Standard (CRS).

Kvar finn eg mitt skattenummer?

  • Sverige - personnummer eller samordningsnummer - Format 999999-9999
  • Danmark - DPR nummer - Format 999999-9999
  • Polen - PESTEL nummer - Format 99999999999
  • Latvia - Personnummer - Format 999999-99999
  • Litauen - Personnummer - Format 99999999999

Finn informasjon til alle land i denne lenka: https://web-archive.oecd.org/tax/automatic-exchange/crs-implementation-and-assistance/tax-identification-numbers/index.htm