Hopp til innholdet

Pensjonssparing
  • Pensjon er det du skal leve av som pensjonist
  • Rådgjevarane våre hjelper deg på vegen
  • Jo tidlegare du kjem i gang, jo mindre treng du å spare kvar månad. 

Kva er pensjon?

Pensjon er pengane du skal leve av når du blir pensjonist.

Den består av tre delar:

  • Pensjon frå Folketrygda: Du sparar 18,1 % av årslønna di til pensjonsbehaldninga di gjennom Folketrygda. Størrelsen på utbetalinga frå Folketrygda vil avhenge av når du er fødd og kor høg løn du har hatt.
  • Pensjon frå arbeidsgivar: Arbeidsgivar sparar ein prosentdel av bruttolønna di til pensjon. Frå minimum 2 % til maksimum 7 % av lønn opptil 12G. I tillegg er det mogleg å spare 18,1% for lønna frå 7,1 G til 12G.
  • Eiga sparing: Du kan sjølv velje den spareforma du ønskjer. IPS (Individuell pensjonssparing) eller sparing i fond er to alternative måtar å spare til pensjon.

 

Meir om pensjon

Kvart år blir det sett av 18,1 % av løna di til alderspensjonen gjennom Folketrygda. Dette gjeld for løn opp til 7,1 G. Dette er den pensjonen du vil få utbetalt frå Folketrygda. Du kan ta ut pensjon frå du fyller 62 år. Dette kan du sjekke hos NAV eller Norsk Pensjon..

Kva er ein G?

G ei forkorting for Folketrygda si G-verdi. Grunnbeløpet er 118 620 kr i 2024.

Pensjon frå arbeidsgivar kan vere:

  • Ytelsespensjon: Livsvarig pensjon basert på sluttløn.

  • Hybridpensjon: Kombinasjon av ytelsespensjon og innskotspensjon.

  • Innskotspensjon: Arbeidsgivar sparer ein prosentdel av løna di kvart år. Du kan sjølv velje korleis pengane blir investerte.

  • Få oversikt over pensjonen din: Logg inn på Norsk Pensjon eller prøv pensjonskalkulatoren vår for å sjå kor mykje du kan få i pensjon.

  • Justér aksjeandelen: Vel ein pensjonsprofil som passar din situasjon. Generelt seier vi at jo lenger det er til du går av med pensjon, jo høgare aksjeandel kan det vere lurt å ha på pensjonssparinga di. Her vil det vere individuelle preferansar. Rådgjevarane våre kan hjelpe deg med å velje den aksjeandelen som du er komfortabel med.

  • Eiga sparing: Begynn tidleg for å sikre ein betre pensjon.

  • Pensjonskonto: Ein personleg pensjonskonto som samlar pensjon frå alle dine arbeidsforhold.

  • Individuell Pensjonssparing (IPS): Spar maks 15 000 kr kvart år og få skatteutsetting på inntil 3 300 kr. 

  • Sparing i fond: Ein spareform som kan vere fin for deg som ikkje ønskjer å låse sparepengane til pensjonsalder. 

Følgjande pensjon kan arvast:

  • Innskotspensjon
  • Pensjonskapitalbevis
  • Eiga sparing

Følgjande pensjon kan ikkje arvast:

  • Pensjon frå Folketrygda
  • Avtalefesta pensjon (AFP)
  • Fripolise med/ utan investeringsval
  • Ytelsespensjon

Viktig informasjon 

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Om du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar kan du avtale eit møte med oss.
Informasjonen ovanfor er ikkje meint som investeringsråd eller tilrådingar. Om du ønskjer å vite meir om innskottspensjon og fonda som blir forvalta av Eika Kapitalforvaltning, ta kontakt med din lokale Eika-bank for personleg rådgjeving. Sjølv om aksjemarknaden har gått bra historisk er det ingen garanti for at det vil gjere det i framtida. Avkastninga blir påverka av marknadsutviklinga, risikoprofilen på di investering, forvaltarens dugleik og kostnader. Avkastninga kan bli negativ.

Informasjon om fondas investeringsmandat og risiko finn du i dei einskilde fondas prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Informasjon om fondas kostnader finn du her.