Start no – det er ikkje for seint
Sjølv om du ikkje er i byrjinga av 20-åra lenger, har du framleis god tid til å ta grep om eigen pensjon. Med ein langsiktig spareplan er du langt på veg til ei tryggare økonomisk framtid.
Usikker på kva spareformer som passar deg?
Det er fleire moglegheiter innanfor sparing, og det kan vere vanskeleg å vite kva form som passar akkurat for deg og dine behov. Book eit møte og få personleg rådgjeving og gode råd om sparing her, så hjelper vi deg.
Fond:
Sparing i fond kan gi høgare avkastning over tid enn tradisjonell sparing på bankkonto, og passar for langsiktig sparing som til pensjon. Les meir om sparing i fond her.
Eiga pensjonskonto:
Eiga pensjonskonto samlar all pensjon du har tent opp, både frå noverande arbeidsgivar og frå tidlegare arbeidsplassar. Dette gjer at du enkelt kan få betre oversikt og kontroll over kor mykje pensjon du til ei kvar tid har spart opp. Les meir om EPK her
Sjå på risikoprofilen din:
Du kan velje mellom ulike risikoprofilar for pensjonssparinga di. Jo høgare andel aksjar, jo større risiko. Motsett er det lågare risiko med lågare andel aksjar, noko som kan resultere i lågare avkastning på pensjonssparinga di. Det er framleis ei stund til pensjonsalder, så du kan vurdere å auke aksjeandelen i pensjonssparinga for potensielt høgare avkastning.
Rådgjeving:
Book eit møte med ein av rådgjevarane våre, og få personleg rådgjeving og gode råd om sparing og pensjon. Dei kan hjelpe deg med å kome i gang, og lage ein skreddarsydd spareplan som passar din økonomiske situasjon og dine behov.