Sparing i fond
- Passar for deg som ønskjer langsiktig sparing
- Kan gje høgare avkastning over tid enn tradisjonell sparing på bankkonto
- Få personleg rådgjeving og gode råd om sparing tilpassa deg og dine behov
Kva slags type fond du vel du velje vil vere avhengig av kor lenge du ønskjer å spare og kva risiko du tek.
Eit aksjefond er eit verdipapirfond der minst 80 % av kapitalen til andelseigarane blir investert i aksjemarknaden. Aksjefond er inndelt i ulike grupper etter kvar fondets midlar skal investerast. Investeringa kan til dømes vere geografisk avgrensa (til Noreg, Norden eller Europa) eller på bransje (til dømes helse, finans eller teknologi). Aksjefond passar for deg som er oppteken av god langsiktig avkastning og som ønskjer å spare i meir enn 5 år.
Eit rentefond er eit fond som plasserer pengane i rentebærande papir som sertifikat og obligasjonar. Rentefond blir delt inn i hovudkategoriane likviditetsfond, obligasjonsfond og andre rentefond. Rentefond passar for deg som vektlegg tryggleik og stabilitet. Rentefond har generelt lågare risiko enn aksjefond og passar for deg som har ein tidshorisont på 0-2 år på sparinga di.
Eit kombinasjonsfond er eit fond som inneheld ein kombinasjon av aksjefond og rentefond. Til dømes kan det vere eit fond som investerer 50 % av forvaltningskapitalen i aksjar og 50 % i rentebærande papir. Fordelinga mellom aksjar og renter vil variere mellom ulike kombinasjonsfond, og kan også variere over tid i same kombinasjonsfond. Avkastning og risiko i kombinasjonsfond vil avhenge av fordelinga av rentepapir og aksjar i fondets portefølje. Jo større aksjeandel i porteføljen, desto høgare forventa avkastning - og risiko. Kombinasjonsfond passar for deg som ønskjer å investere i aksjar og rentepapir.