Ansvarlege investeringar og berekraft
Som fondsselskap ønskjer vi å gjere investeringar som er ansvarlege og berekraftige. Det handlar om at vi vil investere i selskap som tek vare på miljø og berekraft, samfunnsansvar og sosiale forhold.
Ansvarlege investeringar og berekraft - Kva tyder dette for deg som kunde?
Pengane dine vert investert i selskap som mellom anna fremjar samfunnsansvar, menneskerettar og berekraft. Med dette ønskjer vi å oppnå ein positiv og langsiktig avkastning for deg og sparepengane dine, samstundes som vi tek vare på miljø og berekraft, sosiale forhold og samfunnsansvar.
Dette tyder at du skal vere sikker på at vi ikkje plasserer pengane dine i selskap som utfører:
- Grove krenkingar av menneskerettar
- Alvorlege miljøskadar
- Alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig og konflikt
- Grov korrupsjon
- Andre grove brot på grunnleggjande etiske normer
- Selskap som produserer klasevåpen, kjernevåpen, landminer og som sel sel militært materiell til visse statar