AvtaleGiro og eFaktura
- Med AvtaleGiro er betalinga synleg i betalingsoversikta 7 dagar før forfall
- Enkelt å endre eller stoppe betalingar
- Du slepp å fylle ut kontonummer og KID-nummer kvar gong du skal betale
Å halde oversikt over rekningar og forfall er ei utfordring i ein travel kvardag. Med AvtaleGiro og eFaktura vert kvardagsøkonomien både enklare og tryggare.
AvtaleGiro og eFaktura hjelper deg med å betale i tide. Ikkje berre sparar du tid og purregebyr, men du bidreg òg til ein meir miljøvenleg kvardag ved å redusere papirbruk. Oppdag fordelane med AvtaleGiro og eFaktura, og gjer kvardagsøkonomien litt enklare.
AvtaleGiro gjer det enkelt å betale faste rekningar som telefon, straum og husleige. Banken ordnar betalinga automatisk, slik at du slepp å tenkje på forfallsdatoar og KID-nummer. Rekningane vert betalt i tide, og du beheld kontrollen over kontoen din. Du kan òg stoppe og endre enkeltbetalingar ved behov.
eFaktura er ein ferdig utfylt faktura som vert sendt til nettbanken din. Ved bruk av eFaktura får du rekningar direkte i nettbanken. Det einaste du treng å gjere er å velje belastningskonto og stadfeste, så vert rekninga betalt på forfallsdato.
Er du klar for å forenkle kvardagsøkonomien din? Med våre digitale bankløysingar kan du få økonomien til å flyte automatisk, slik at du kan bruke tida på det som verkeleg betyr noko