Hopp til innholdet
Familie i sofaen med PC, nettbrett og blad.

Ønskjer du meir tid til det som betyr mest?

I ein travel kvardag er det mange ting å tenkje på, men med gode digitale bankløysingar treng ikkje kvardagsøkonomi å ta opp mykje av tida di.

Slik får du kontroll over eigen økonomi

Kva om økonomien kunne ordne seg heilt sjølv? Ok, kanskje ikkje heilt sjølv, men mykje kan du enkelt ordne i nettbanken og setje opp til å gå automatisk.

 Bruk eFaktura og AvtaleGiro

Tips nummer éin er å automatisere det som kan automatiserast. For faste rekningar som studielån, husleige og treningssenter er det lurt å bruke AvtaleGiro og eFaktura. Då slepp du å leggje inn beløp, kontonummer og lange KID-nummer.

AvtaleGiro treng du berre å setje opp éin gong. Banken sørgjer for at rekninga blir betalt i tide, og du slepp å registrere betalinga. eFaktura er ein ferdig utfylt faktura som blir sendt til nettbanken, og den blir ikkje belasta kontoen din før du stadfestar rekninga.

Eit tips er å setje ein påminning på telefonen dagen før du skal betale større rekningar, slik at du veit at du har dekning på kontoen. Du kan òg setje opp ein eigen konto for rekningar.

Les meir om AvtaleGiro og eFaktura

Sett opp ulike kontoar til ulike formål

Å ha fleire kontoar gjev deg betre kontroll og kan brukast til å halde styr på budsjettet ditt. Brukskontoen din er gjerne den du får løn eller studielån på, og som du bruker i det daglege. Bruk éin konto til daglegdagse utgifter, eventuelt to om du har ein felleskonto eller eigen matkonto – då har du betre kontroll.

Ein eigen konto til rekningar er viktig for kvardagsflyten. Rekn ut kva utgifter som kjem denne månaden, set av summen på ein eigen konto, og set opp dei faste rekningane til å belastast denne kontoen.

Du kan òg ha forskjellige sparekontoar til forskjellige formål, for eksempel BSU, buffer, ferie, ny vinterjakke eller julegåver. Gjev kontoane namn slik at det er klart kva konto som skal brukast til kva, og unngå å «låne» frå kontoane.

Lat sparinga gå av seg sjølv

Set opp fast sparing som vert overført automatisk til ein eller fleire sparekontoar når du får løn eller studielån.

Bruk mobilbanken når du er på farten – og heime

Vi har alle opplevd å vere nestemann i kassa på butikken og kjent sveitten perle i panna fordi vi kanskje ikkje har dekning på kortet. Med vår mobilbank kan du kjapt overføre pengar mellom kontoane dine – forhåpentlegvis før det vert din tur i køen.

I mobilbanken kan du sjå alle dine kontoar, kredittkort, forsikringar, sparing og lån, så du alltid har full oversikt.

Last ned mobilbanken her

Visste du at du har eit digitalt kort i mobilbanken?

Det er ein digital versjon av kortet ditt som du kan bruke når du ikkje har det fysiske kortet tilgjengeleg. For eksempel når du ligg på sofaen og lommeboka i gangen kjennest litt for langt unna.

Snakk med rådgivaren din om kvardagsøkonomi

Rådgivaren kan hjelpe deg å få oversikt over kvardagsøkonomien din, heilt gratis. Sørg for at løna eller studielånet går inn på ein konto hos oss, så er det lettare for både deg og rådgivaren å sjå totalbiletet. Vi kan òg gje råd og tips rundt bustadlån, forsikringar og sparing. Det løner seg nemleg å samle alt på éin stad med banken som kjenner deg best, så spør gjerne rådgivaren din om gode løysingar.

Hos oss får du gode digitale løysingar som spelar på ditt lag i kvardagen mellom eksamenar, deltidsjobb, vener og fritidsaktivitetar. Start tidleg med å få oversikt og kontroll over økonomien din – det er ein god vane som skaper kvardagsflyt og lèt deg bruke tida di på ting som betyr noko for deg!