Hopp til innholdet

Pensjon for sjølvstendig næringsdrivande

Som sjølvstendig næringsdrivande, frilanser eller eigar av enkeltpersonføretak må du sjølv ta ansvar for eiga pensjonssparing. Vi hjelper deg å finne den beste pensjonssparinga for deg og dine behov.

Gode pensjonsløysingar for deg

Vi gjer det enklare for deg å velje riktig pensjonssparing. Våre rådgjevarar bistår deg gjerne i prosessen og gir deg personleg rådgjeving om sparing og pensjon.

Sjølvstendig næringsdrivande har to gode alternative måtar å spare til pensjon på:

  • Opprette ein innskotspensjonsavtale for bedrifta (Eika Innskotspensjon)
  • Starte ein privat spareavtale i fond eller i IPS (Individuell pensjonssparing)

Kva som lønner seg for den enkelte, er avhengig av inntekta di, kor mykje du planlegg å spare, og om du er villig til å binde opp kapitalen til pensjonsalder.

Generelt skil vi på inntekt over og under 7,1 G. Dette tilsvarer grensa for pensjonsopptening i Folketrygda.

Ved inntekt over dette nivået anbefaler vi Eika Innskotspensjon fordi skattefordelane er gode. Heile det årlege sparebeløpet kan trekkjast frå inntekta, slik at skattefrådraget tilsvarar nivået på din marginale skattesats. Det betyr at du kan få tilbake opp mot halvparten av det du sparar på skatten.

Ved inntekt under 7,1 G vil pensjonssparing gjennom bedrifta føre til redusert opptening i Folketrygda. Då anbefaler vi heller å opprette ein privat spareavtale i fond eller IPS.

Velg riktig pensjonssparing som sjølvstendig næringsdrivande

Tenar du meir enn 7,1 G, anbefaler vi at du finn ei pensjonsløysing som sikrar at du får ein god pensjon samtidig som ho dekkjer eventuell sjukdom og uførleik om noko skulle skje med deg. Eika Innskotspensjon dekkjer dette, og ordninga er frivillig.

  • Du kan spare maks 7 % av løna di mellom 7,1 G og 12 G.
  • Har du tilsette i 75 % stilling eller meir, har du lov å spare meir.
  • Har du tilsette som er eldre enn 20 år og som jobbar meir enn 20 %, er du pålagt å spare til pensjon for dei òg.
  • Du vel sjølv den pensjonsprofilen du ønskjer.
  • Pensjonsinnskota og avkastninga du får på desse, vil bli din framtidige pensjon.
  • Du kan ta ut pensjonen tidlegast frå du fyller 62 år.

Tener du mindre enn 7,1 G, vil sparing i ein innskotspensjonsavtale redusere oppteninga frå Folketrygda. Difor bør du vurdere om sparing som privatperson kan vere eit betre alternativ for deg:

  • Individuell pensjonssparing (IPS). Spar maks 15 000 kr kvart år og få inntil 3 300 kr i skatteutsetjing. Du kan lese meir om IPS her.
  • Sparing i fond. Her kan du velje mellom ulike fond og sparemetodar. Du kan lese meir om sparing i fond her.

Innskotspensjon består av ei sparedel og ei forsikringsdel.

  • Innskotspensjon: Ein innskotspensjonsavtale for sjølvstendig næringsdrivande fungerer på same måte som når ei bedrift opprettar ein tenestepensjon for sine tilsette. Gjennom avtalen betaler du inn månadlege innskot til din eigen pensjonskonto. Innskota og avkastninga du oppnår, er det som vil utgjere din framtidige pensjon. Minste sparing er 2 %, og høgste er 7 % av næringsinntekt opp til 12 G.
  • Uføreforsikring: Uføreforsikring sikrar deg ei betre inntekt og fortsetjing av pensjonssparing om du blir heilt eller delvis arbeidsufør. Denne dekninga består av to delar.
  1. Innskotsfritak er ei obligatorisk forsikring som følgjer med avtalen og sørgjer for at forsikringsselskapet overtek forpliktinga til sparinga dersom du blir arbeidsufør.
  2. Uførepensjon er ei valfri tilleggsforsikring som sikrar deg betre inntekt dersom du heilt eller delvis må slutte å jobbe. Storleiken på utbetalinga følgjer graden av uførleik og kjem i tillegg til arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå Folketrygda.

Du kan velje mellom følgjande spareprofilar med Eika Innskotspensjon:

  • Eika Pensjon 30: 30 % aksjefond, 70 % rentefond.
  • Eika Pensjon 55: 55 % aksjefond, 45 % rentefond.
  • Eika Pensjon 80: 80 % aksjefond, 20 % rentefond.
  • Eika Pensjon 100: 100 % aksjefond.

Ved å ha innskotspensjon gjennom banken din, blir pensjonsinnskotet for dine tilsette investert i Eika-fond, satt saman til ulike "pensjonsprofilar". Kvar profil har ulik grad av risiko og avkastingspotensiale. Det er andelen aksjefond som bestemmer risikoen; jo høgare andel aksjar, jo høgare forventa risiko og forventa avkasting.

Dei fleste vel Eika Pensjon 100 som oppstartsprofil for sine tilsette. Historisk har det lønt seg med høg andel aksjar når sparehorisonten er lang. Kvar tilsett kan sjølv endre pensjonsprofilen sin om dei ønskjer ein annan risiko enn den bedrifta har valt. Aksjeandelen trappast automatisk ned til Eika Pensjon 30 frå alder 57-67 år.

Kontakt oss om pensjon

Robert Haugen

Robert Haugen

Rådgjevar forsikring, sparing og plassering

57 64 85 38

Viktig informasjon 

Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Om du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar kan du avtale eit møte med oss.
Informasjonen ovanfor er ikkje meint som investeringsråd eller tilrådingar. Om du ønskjer å vite meir om innskottspensjon og fonda som blir forvalta av Eika Kapitalforvaltning, ta kontakt med din lokale Eika-bank for personleg rådgjeving. Sjølv om aksjemarknaden har gått bra historisk er det ingen garanti for at det vil gjere det i framtida. Avkastninga blir påverka av marknadsutviklinga, risikoprofilen på di investering, forvaltarens dugleik og kostnader. Avkastninga kan bli negativ.

Informasjon om fondas investeringsmandat og risiko finn du i dei einskilde fondas prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Informasjon om fondas kostnader finn du her.