Hopp til innholdet
Par som ser på mobilen

Har du fått melding om å legtimera deg i banken?

Norske styresmakter har bede alle norske bankar om å sørgja for at kundeinformasjon og legitimasjon er oppdatert.

Kunde i banken?

Fleire av våre kundar vil bli kontakta av banken med beskjed om at me treng ny legitimasjon. Grunnen for dette er at me må oppdatera dokumentasjonen vår på identiteten til kunden i arkiva våre. 

Har barnet ditt fått melding om å legitimera seg?

Barn og ungdom som disponerer eigen konto i banken må også legitimera seg. Føresette kan legitimera barn mellom 6 – 12 år med legitimasjonen til barna og dessutan eigen legitimasjon (slik at barnet ikkje treng å møta fysisk banken). Legitimasjonen må vera gyldig på det tidspunktet han blir lagd fram for banken.

Har du fått brev frå banken, melding i nettbanken eller ein SMS om å legitimera deg? 

Kom innom eit av våre kontor med gyldig pass. 

Spørsmål? 

Ring oss på 57648510 eller send ein e-post til post@sognbank.no