Grunna låg interesse for tilbodet har vi valt å avvikle vår avtale med Priority Pass frå 1. januar 2025. Priority Pass er ei tilleggsteneste knytt til Eika Ansatt kredittkort som blir fornya med jamne mellomrom.
Kva betyr denne endringa for deg?
- Du vil framleis kunne bruke ditt Priority Pass fram til utgangen av desember 2024.
- Dersom ditt Priority Pass har utløpsdato i november 2024, vil du få ei ordinær fornying som du kan bruke til og med 31. desember 2024. Priority Pass med utløp i desember 2024 vil ikkje bli fornya. Det er heller ikkje mogleg å få tilsendt eit nytt Priority Pass dersom du mistar det du har i løpet av hausten.
- Alle Priority Pass knytt til våre kredittkort vil slutte å fungere etter 31. desember 2024, og vil ikkje lenger gi tilgang til flyplassloungane som er ein del av tilbodet
Vi beklagar dei eventuelle ulempene denne endringa fører med seg for deg, og håper å kunne tilby ei alternativ loungeteneste etter kvart.