Korleis betaler du for strøymetenestene dine?
Strøyming av filmar, musikk og lydbøker er hyggeleg for både store og små, og for dei fleste av desse tenestene må vi betale eit månadleg abonnement med eit bank- eller kredittkort. Er du usikker på kva kort du bør betale med? Vi kan hjelpe deg til å ta det rette valet.
Betal straumetenestene med kredittkortet:
-
Sikker betaling
Ikkje risiker at dine favorittseriar blir avbrotne! Med eit kredittkort er du sikker på at betalingen går gjennom, sjølv om brukskontoen din skulle vere tom. -
Beskyttelse mot svindel
Skulle strøymetenesta bli hacka, eller du opplever svindelforsøk, gir kredittkortet ein ekstra tryggleik ved at pengane ikkje blir trekt direkte frå kontoen din. I tillegg har du gode reklamasjonsrettar og forsikring mot ID-tjuveri dersom noko skulle skje. -
Betre oversikt og kontroll over utgiftene
Ved å dobbeltsjekke kredittkortfakturaen kan du enkelt gå gjennom alle transaksjonar før du godkjenner den. På denne måten får du god oversikt over kva du betaler for strøymetenestene dine i løpet av ein månad. -
Administrer abonnementa enklare
Betaler du alle abonnement med same kortet, kan du enklare halde kontroll over kva tenester du abonnerer på i mobil- og nettbanken. -
Ekstra fordelar
Å ha eit Eika Kredittkort hos oss medfører ingen ekstra kostnader for deg, så lenge du betaler din månadlege faktura til forfall. Du får inntil 45 dagar rentefri betalingsutsetjing på dine kjøp, og det kostar ingenting å bruke kortet.
Få ein tryggare strøyming og betre kontroll over utgiftene.
Visste du at?
Ifølgje Statistisk sentralbyrå har 88 av 100 nordmenn tilgang til ein eller fleire betalte straumetenester.