Hopp til innholdet
Seks enkle grep du kan gjere for å redusere sjukefråværet i bedrifta
BM Forsikring

Korleis kan du redusere sjukefråværet i bedrifta?

2024 var eit år med skyhøgt sjukefråvær i Noreg – faktisk det høgaste vi har sett på 15 år. Sjukefråvær går utover både økonomien og drifta, og jo lengre fråværet er, jo høgare blir kostnadene for bedrifta.

– Éi vekes sjukefråvær kan koste deg som arbeidsgivar i snitt ca. 20.000 kroner per tilsett, når vi tek omsyn til både produksjonstap, vikarkostnader og andre faste utgifter (inflasjonsjustert per 2024 for tidlegare NHO-tall). Om tilsette er sjukemelde i lengre periodar, vil kostnadene auke betydeleg, forklarer Therese Hofstad-Nielsen, skadeførebyggjaren i forsikringsselskapet vårt, Fremtind.

I snitt er ein tilsett sjukemeld i fleire veker, noko som set ytterlegare press på bedrifter med tanke på økonomi, ressursar og drift.

Seks grep du kan gjere

Du som arbeidsgivar kan bidra til å skape trygge rammer for dei tilsette på arbeidsplassen. Her har du seks tips til korleis:

  • Ha jamlege medarbeidarsamtalar om fagleg utvikling for å auke deira kjensle av meining og meistring med jobben.
  • Legg til rette for ein open kultur, som til dømes å invitere til uformelle, sosiale treff. Det vil vere med på å auke trivselen på jobb.
  • Sjå og lær deg å kjenne medarbeidarane dine – korleis har dei det eigentleg? Det er enklare å kome på jobb i tøffe tider når du får den støtta du treng.
  • Vis tillit og stol på at dei tilsette gjer jobben på best mogleg måte.
  • Etterlys tilbakemeldingar frå tilsette om kva dei meiner bedrifta skal forbetre, og følg opp med tiltak som faktisk fører til endring.
  • Tilby helseforsikring for dei tilsette. 

Med helseforsikring unngår du lang ventetid 

Alle kan møte på tøffe periodar i livet, anten det er utfordringar i privatlivet, på jobben eller begge delar, som kan gå utover arbeidsevna vår. Mange vil bli betre av seg sjølv, medan nokre kan trenge litt hjelp. Det er ikkje like lett for alle å søkje hjelp. For nokre er terskelen høg, ofte på grunn av kostnader eller lange ventetider i det offentlege. Helseforsikringa dekkjer i all hovudsak behandlingar i det private helsesystemet, som gjer at ventetida går ned og dei tilsette kjem raskare tilbake på jobb.

Rask time til behandling

Plager med musklar og skjelett og psykiske lidingar er dei hyppigaste årsakene til sjukefråværet (NAV). Investerer du i helseforsikring til dine tilsette, får dei rask tilgang til behandling, anten det er til ein fysioterapeut, kiropraktor eller psykolog. Det kan gjere ein enorm forskjell! Raskare avklaringar gir mindre bekymringar og stress.
 
– Vi veit også at tidleg hjelp er viktig for ikkje å forverre situasjonen. Kanskje du klarer å unngå sjukemeldingar og i verste fall uførheit. For nokre vil det vere godt å snakke med ein god ven, medan andre vil kunne ha behov for å snakke med ein profesjonell samtalepartnar, seier Therese.

Med ei helseforsikring hindrar du ikkje berre langvarige sjukemeldingar, men du som arbeidsgivar viser også at du prioriterer dei tilsette si helse og trivsel – noko som kan auke både lojalitet og innsats.