Hopp til innholdet

Innehavars liv
  • Gir erstatning til dine etterlatte hvis du døyr.
  • Gir deg erstatning hvis du blir ramma av ein kritisk sjukdom eller blir invalid etter ei ulukke.
  • Får deg raskare tilbake på jobb.

Kva er Innehavars liv?

Ein viktig forsikring som tar vare på både deg og familien til deg som eig eit enkeltpersonføretak.

Dette dekkjer forsikringa

Liv* Gir eingongsutbetaling til arvingar eller andre du vel om du døyr. Valfri forsikringssum frå 10 til 80 G.
Kritisk sjukdom* Gir deg ein eingongsutbetaling hvis du blir ramma av sjukdomar eller skader som er nemnt på lista under.
Helse* Gir behandlingsgaranti innan 10 verkedagar gjennom vår samarbeidspartnar Falck Helseformidling. Vel mellom 6 eller 12 behandlingar hos fysikalsk behandlar. Alle behandlingar skal godkjennast av Falck.
Ulukke Gir deg eingongserstatning hvis du blir erklært varig medisinsk invalid etter ei ulukke. Valfri forsikringssum frå 10 til 40 G.
*Krev helsevurdering
Ta kontakt med oss hvis du vil vite meir - vi er her for å hjelpe deg!

Opplysningane her er forenkla og forkorta i forhold til fullstendige vilkår(PDF).

Kritiske sjukdomar som gir erstatning

Ondartede svulster Lymfekreft
Blodkreft Benmargskreft
Hjarteinfarkt Hjarteklaffkirurgi
Hjarteoperasjon (bypassoperasjon, PCI) Utposning på hovudpulsåra i magen eller brystkassa (aortaaneurisme)
Hjerneslag Utposning på hjernens blodårer (aneurisme)
ALS og andre motornevronsjukdomar Parkinsons sjukdom
Multippel Sklerose (MS) Alzheimers sjukdom
Nyresvikt Organtransplantasjon
Blindheit Døvheit
Tap av taleevne Alvorleg brannskade
Godartede svulster i hjerne, hjernehinne eller ryggmarg Tverrsnittlammelsar
Tap av bein eller arm

Snakk med ein av rådgivarane våre om forsikring av innehavars liv.

Monica Hybertsen da Silva

Monica Hybertsen da Silva

Rådgjevar forsikring & cash management

57 64 85 31

Robert Haugen

Robert Haugen

Rådgjevar forsikring, sparing og plassering

57 64 85 38

Spørsmål og svar om Innehavars liv

Hvis noko skulle skje med deg, kva skjer med firmaet og familiens økonomi då? Som eigar av eit enkeltpersonføretak står du ofte aleine i din økonomiske situasjon. Ein livsforsikring gir tryggleik for at dine kjære vil ha økonomisk støtte om noko skulle skje med deg.

Denne forsikringa kan hjelpe familien din med å dekkje alt frå daglege utgifter til større forpliktelsar som huslån, og sikrar at verksemda kan avviklast på ein ordentleg måte utan å utsette dine nære for ekstra økonomisk stress i ein vanskeleg periode.

Helseforsikring sørgjer for at du får rask tilgang til behandling ved sjukdom eller skader, som er essensielt når du driv for deg sjølv. Rask behandling betyr mindre ventetid og at du kjem raskare tilbake i arbeid, og slepp å miste inntekt medan du ventar.

Ei kritisk sjukdomsforsikring gir deg ein eingongssum hvis du skulle bli ramma av ein av sjukdomane i forsikringsavtalen. Dette kan inkludere alvorlege sjukdomar som kreft, hjarteinfarkt eller slag. Denne utbetalinga kan brukast til å dekkje nødvendige medisinske behandlingar, tilrettelegging av arbeidsmiljøet, eller til å oppretthalde livsstandarden din medan du er sjuk.

Ja, ulukkesforsikring er spesielt viktig for deg som er sjølvstendig næringsdrivande. Denne forsikringa gir kompensasjon ved varige skader etter ei ulukke, og kan omfatte alt frå tap av inntekt til nødvendige medisinske behandlingar.

Det er ein ekstra tryggleik for deg som står på eigne bein, og hjelper deg å halde hjula i gang både heime og i firmaet. Det er avgjerande for å sikre både din eigen økonomi og at drifta skal få fortsette.

Når du skal velje forsikringar, bør du vurdere din personlege og verksemda sin økonomiske situasjon. Start med å vurdere potensielle risikoar og din eigen helse. Det kan vere lurt å rådføre seg med ein forsikringsrådgivar som kan tilby skreddarsydde løysingar basert på din spesifikke situasjon og behov.

Det handlar om å finne den rette balansen mellom kva du treng og kva det kostar, og Innehavers liv kan tilpassast på mange måtar. På den måten sikrar du at du har god nok beskyttelse utan å betale for unødvendig dekning.