Hopp til innholdet
Med utsikt over Mjøsa. Frå venstre: Kari Ringnes, sonen Jørgen og Jens Ringnes.
BM Forsikring

Tryggleik for neste generasjon

Å drive gard handlar om å planleggje, og å vere i forkant der du kan. Ei god og riktig forsikring gir deg tryggleik om noko uforutsett skulle skje.

 I Stange på Hedemarken finn du den idylliske garden Huseby. Den store garden ligg i eit gammalt kulturlandskap med utsikt over Mjøsa.

Garden har gått i arv gjennom fleire generasjonar, og no er det Kari Ringnes som driv garden, etter å ha overteke den frå faren Jens Ringnes.

I samband med eigarskiftet var forsikring ein av dei tinga dei måtte avklare.

Kari tok eit val basert på faren sine erfaringar som forsikringskunde gjennom eit heilt yrkesaktivt liv, og enda opp med å vidareføre Jens sine forsikringsavtalar i Eika Forsikring.

For pappa Jens handlar mykje om å vere klar for det uforutsette og i forkant av ting som kan skje.

– Det viktigaste eg kan lære neste generasjon er å vere førebudd. Å drive gard handlar om å planleggje og om å vere i forkant der du kan, understrekar Jens.

Dottera Kari er einig. For det er mykje som kan gå gale når ein driv gard.

– Maskiner og folk må vere klare når naturen seier at jobben må gjerast. Er vi for seint ute, kan vi tape alt vi har strevd for, fortel ho.

– Mykje du ikkje kan forutseie kjem til å skje. Difor er tryggleiken i botn så viktig, legg Jens til.

Eit enkelt val

Kari sitt val om å overta faren sine forsikringar hos Eika Forsikring, var enkelt. Her får ho rådgjevarar som forstår og kjenner næringa og utfordringane godt.

«Eg var aldri i tvil om at eg skulle ta over avtalane som pappa hadde hos Eika Forsikring. Av folk som skjønar kva vi treng, som skjønar kva gardsliv handlar om, og som hjelper oss å vere førebudde på det uforutsette» - Kari Ringnes. 

Samtidig handlar det om å tenkje på den neste generasjonen.

– Tryggleik betyr mykje for oss som driv her i dag, men òg for framtida til garden og dei som kjem etter oss. Eg vil jo at Jørgen eller dottera mi skal få det same valet som meg om å ta ved verdas vakraste jobb, på verdas vakraste plass, avsluttar ho.

Ønskjer du å snakke med ein av oss i Eika Forsikring om forsikringsavtalane dine?

Ta kontakt med kundeservice, så hjelper vi deg.

 

Møt Kari og Jens Ringnes.