Hopp til innholdet

Næringsforsikring

  • Ansvar- og rettshjelpsforsikring
  • Markedets beste dekningar for eigendelar og avbrot
  • Erstatning om bedrifta di blir utsett for lovbrot

Kva er næringsforsikring?

Næringsforsikringa vår kan skreddersys for alle bedrifter.

Dette dekkjer forsikringa:

  • Brann-, vass- og innbrotskader
  • Andre plutselege og uforutsette skader
  • Avbrot i drifta i inntil 18 månader
  • Bedrifts- og produktansvar om det skjer på personar eller eigendelar
  • Rekonstruksjon av arkiv, datafiler eller liknande
  • Rydningsutgifter etter skade
  • Lagring og destruksjon av miljøfiendtleg avfall etter skade
  • Skader på vindauge og skilt
  • Underslag, bedrageri og liknande
  • Ran og overfall
  • Rettshjelp

Visste du at?

13 % har opplevd forsøk på datainnbrot eller hacking.

Snakk med ein av rådgivarane våre om næringsforsikring.

Monica Hybertsen da Silva

Monica Hybertsen da Silva

Rådgjevar forsikring & cash management

57 64 85 31

Robert Haugen

Robert Haugen

Rådgjevar forsikring, sparing og plassering

57 64 85 38

Om forsikring

Forsikringane våre blir levert av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte om du har spørsmål eller treng hjelp.

Spørsmål og svar om næringsforsikring

Næringsforsikring dekkjer blant anna maskinar, inventar, råvarer, halvfabrikat, ferdige varer og driftsmaterialar. Forsikringa kan også inkludere avbrotstap, ansvarsforsikring, rettshjelp og kostnader for rydding etter skade.

Avbrotstap dekkjer tap ved stans eller innskrenking i drifta på grunn av erstatningsmessig tingskade på forsikringsstaden. Med andre ord at arbeidet stoppar fordi noko blir skada. Dekninga gjeld i inntil 24 månader frå skaden inntraff og kan også dekkje mellombels skadeførebyggande tiltak.

Ansvarsforsikringa dekkjer erstatningsansvar som innehavar av den forsikra verksemda kan pådra seg. Dette inkluderer også rettshjelp for tvistar som er knytt til verksemda.

Kriminalitetsforsikringa dekkjer tap som følgje av underslag, bedrageri, utroskap eller dokumentfalsk begått av tilsette eller tredjepersonar. Erstatninga er avgrensa til kr 1 000 000 per skadetilfelle.