.jpg?la=nn-NO&h=935&w=1400&mw=1400&hash=B14058AB41DD4E48A494EAAF82EB6F4D)
Vi gjer det enkelt å vere riktig forsikra som handverkar
Som handverkar er du utsett for mange farar i kvardagen, og uhell kan skje når som helst. Derfor har vi gjort det enkelt for deg som handverkar å vere riktig forsikra.
Sidan vi kjenner bransjen og kva forsikringsbehov du har som handverkar, har vi samla det meste du må ha i ei og same forsikring. Vi har kalla det handverkarforsikring.
Handvarkerforsikringa samlar fleire av forsikringsbehova dine som handverkar på ein stad. Ho dekkjer ansvaret ditt om arbeidet du har gjort fører til skadar på andre eller tinga deira. Ho forsikrar materiala og arbeidstimane dine. Og ho dekkjer verktøyet og utstyret ditt. Les meir om handverkarforsikring her.
Med handverkarforsikringa vår er du og arbeidet ditt godt dekt, men det er også andre forsikringar som er lurt å ha i tillegg.
Handvarkerbil dekkjer alle forsikringsbehova bedrifta har for sine bilar. I tillegg til den lovpålagde ansvarsforsikringa kan du velje mellom ulike kaskodekningar. Du kan tilpasse forsikringa om du fraktar varer for andre, har verktøy i bilen eller vil få eit driftstap ved skade på bilen. Finn bilforsikringa som passer di bedrift.
Innehavars liv er laga for deg som er sjølvstendig næringsdrivande. Ho samlar livsforsikring, kritisk sjukdom, helseforsikring og ulukkesforsikring på ein stad. Det gir tryggleik til både deg og familien din.
Yrkesskadeforsikring er alle arbeidsgivarar lovpålagt å forsikre sine tilsette med. Forsikringa dekkjer det økonomiske tapet etter ei yrkesskade eller yrkessjukdom. Om tilsette døyr som følgje av ei arbeidsulukke, blir det utbetalt erstatning til dei etterlatne. Les meir om vår yrkesskadeforsikring.
Helseforsikring hjelper tilsette til å kome raskare tilbake på jobb. Helseforsikringa dekkjer i hovudsak behandlingar i det private helsesystemet, som gjer at ventetida går ned. Bli ein meir attraktiv arbeidsgivar ved å gi dine tilsette helseforsikring.
Personalforsikring dekkjer familien til den tilsette ved død, og blir utbetalt uansett dødsårsak, tid og stad. Vi tilpassar forsikringssummar og tilleggsdekningar ut frå di bedrifts behov. Ta kontakt med oss for ein uforpliktende prat.
Ikkje vent til uhellet er ute. Sikre bedrifta og dine tilsette i dag. Det er enkelt, trygt og smart. Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat om dine forsikringsbehov.