Hopp til innholdet
Bilete av to smilende kvinner som ser på en mann
Tips- og rad

Banken gjennomfører årleg kundemåling - slik kan du bidra

Snart får eit utval kundar ei undersøking frå Kantar på vegner av Sogn Sparebank. Vi håpar du vil bruke nokre minutt på å dele dine erfaringar – det hjelper oss å bli ein betre bank.

Sogn Sparebank vil vere ein nær, sutalaus, medspelar for kundane våre. Difor gjennomfører vi snart vår årlege kundemåling for privatkundar – ei undersøking som gir deg høve til å påverke korleis banken skal prioritere framover.

 

Når blir undersøkinga gjennomført?

Årets kundemåling går føre seg i perioden om lag 12. mars til 20. april. Undersøkinga blir gjort i samarbeid med Kantar, som er leiande på analysebasert rådgjeving i Noreg. Eit utval privatkundar vil motta ein epostinvitasjon frå ein av desse avsendarane:
Kantar – undersokelse@kantarnorge.no Kantar – feedback@kantarsurvey.com

Dersom du får ei slik epost, kan du vere trygg på at dette ikkje er svindel, men ei undersøking sendt på vegne av Sogn Sparebank.

Kvifor delta?

Undersøkinga tek om lag 8–10 minutt, og alle som deltek er med i trekninga av 10 gåvekort på 1 000 kroner kvar. Tilbakemeldingane frå kundane er eit viktig grunnlag for å  identifisere kva vi lukkast med,  forstå kva vi kan bli betre på og prioritere vidare utvikling av tenester og kundereiser. Di stemme betyr mykje for oss!

Sjekk søppelposten

Har du ikkje motteke undersøkinga innafor perioden, kan det vere lurt å sjekke søppelpost-/spamfilteret. Nokre gonger kan denne typen e‑post bli fanga opp der.

 

Har du spørsmål?

Dersom du har spørsmål om innhald eller tekniske forhold knytte til undersøkinga, kan du ta kontakt med Kantar direkte på kontakt_oss@kantar.com

Du kan også lese meir om korleis Kantar handterer personvern og data.