Unngå vasskada
Frost i vannrøyr skuldast som regel at røyr er uheldig plassert, for eksempel langt ut i yttervegg, i kalde kjellarar eller dårleg isolerte konstruksjonar og på stader med kald trekk. Det er derfor lurt å vere oppmerksam på desse forholda.

Reiser du bort på hausten eller vinteren bør du stengje hovudstoppekrana og tømme røyra for vatn. Eventuelt bør du sørgje for at du har tilstrekkeleg med varme på, slik at røyra ikkje frys.

Snø er tung belasting for taket ditt 
Er det mykje snø på taket, bør du følgje med på eventuelle endringar i bygget. Går dører og vindauge treigt? Eller kan du sjå nedbøyingar eller andre endringar i huset? Dette kan vere varsel om for høg belastning på taket. Er det mykje snø på taket, kan du ofte høyre knirk og smell i konstruksjonen.

Byggjeåret gjev ein god tommelfingerregel for kor mykje snø taker toler. 

SINTEF Byggforsk og Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har utarbeidet retningslinjer for når du bør moke taket:

  • 1949-1969: Kritisk snølast for lette takkonstruksjonar er 150 kg/m2, mens tunge tak toler noko meir.
  • 1970-1979: Kritisk snølast er rundt 150 kg/m2.
  • Etter 1979: Ein kan anta at kritisk snølast på tak tilsvarer dei snølastene på mark som er melde i NS 3479 (Norsk Standard) for kvar kommune, vanlegvis 150-350 kg/m2.

Hugs ventilasjon sjølv om det er kaldt
Når det er kaldt ute, kan det freiste å stengje ventilar og luftespaltar heilt igjen. Det kan gjere at inneklima blir dårleg. Stengjer ein all ventilasjon kan det føre til at luftskiftet i bustaden blir for lite, og det kan hope seg opp fukt, uheldige stoff og gassar frå aktivitetar og omgivnader. For lite ventilasjon kan gje både dårleg inneklima og helseproblem.

Kjelde: Sintef