Hopp til innholdet
Mann framfor pc med dame i bakgrunnen
Det kan vere pengar å spare om du samlar forsikringane dine hos oss.
Tips- og rad

Samlar du forsikringane dine hos oss kan du spare pengar.

Kjøper du tre eller fleire skadeforsikringar av oss, får du 10 % rabatt. Sjekk fleire av fordelane her.

Er du ein av dei som shoppar litt rundt og har fleire forsikringar fordelt på forskjellige selskap, kan det fort bli litt mykje å halde styr på.

Kvardagen blir rett og slett enklare når ting er samla på ein stad. Hos oss kan det i tillegg bli billegare.

Har du tre eller fleire skadeforsikringar hos oss, beløner vi deg nemleg med ein samlerabatt på 10 prosent.

På den måten sparer du både tid og pengar – og får ei enkel oversikt over alle forsikringane dine på ein stad – i både nett- og mobilbanken din.

Korleis fungerer det?

For å få rabatten må du altså kjøpe tre eller fleire skadeforsikringar hos oss. Samlerabatten kommer heilt automatisk når du bikker tre skadeforsikringar.

Fleire fordelar med oss

Enklare når du samlar alt på ein plass

Når du har forsikringane dine i banken din får du alt samla på ein plass i nettbanken. Du får færre du må forholde deg til og eit litt enklare liv. Og rådgjevaren din hjelper deg sjølvsagt gjerne med å finne ut kva forsikringar du treng.

Inntil 25 % rabatt på bil- og husforsikringa med Eika Pluss

Kjøper du Eika Pluss blir dei mest grunnleggjande behova dine for tryggleik dekte. Forsikringa gir deg blant anna den aller beste innbu- og reiseforsikringa vår og inntil 25 % rabatt på bil- og husforsikringa i tillegg.

Marknadens beste på bonus

Hos oss får du ei av marknadens beste bonusordningar på bilforsikring. Det tek deg faktisk berre maks fem år frå startbonus til toppbonus.

Og startbonusen er ein av marknadens beste på 60 %.

Ekstra rabatt som medlem i Norges Jeger- og Fiskerforbund

Er du medlem i NJFF får du inntil 25 % rabatt på skadeforsikringane hos oss. Du får også tilgang til ei eiga hundeforsikring som er laga for jakthundar og utstyrsforsikring for jakt- og fiskeutstyret ditt. Du kan lese meir om fordelane som NJFF-medlem her.

Snakk med ein av rådgivarane våre om forsikringene dine

Eileen Bjørnestad Dale

Eileen Bjørnestad Dale

Rådgjevar forsikring

57 64 85 26

Monica Hybertsen da Silva

Monica Hybertsen da Silva

Rådgjevar forsikring & cash management

57 64 85 31