Spare på sparekonto, BSU eller i fond?
Det kan vere vanskeleg å vite kva som er riktig sparing for deg som er ung. Sjå kva du kan velje – og kvifor.
Dei tre vanlegaste spareformene
For å få råd til å oppfylle små og store draumar, kan det vere lurt å spare pengar. Men korleis gjer du det best mogleg? Det kjem heilt an på kva livssituasjon du er i, kva du sparar til, og kor lenge du planlegg å spare.
Dei tre vanlegaste spareformene for deg som er ung er sparekonto, BSU og fondssparing. Finn ut kva som passar best for deg her:
Spare på sparekonto?
Sparing på sparekonto passar for deg som ønskjer å ha pengar lett tilgjengeleg. Dette kan vere til dømes ein buffer eller anna du sparar til som du skal bruke innan kort tid. Sparekonto gir deg rente som er betre enn brukskonto. Les meir om sparekonto her.
- Sparekonto gir deg betre rente enn ein brukskonto
- Pengane er alltid lett tilgjengelege – om du skulle ha bruk for dei
- Sparing til buffer eller kortsiktig sparing
- Du kan spare fast kvar månad, eller setje inn litt pengar når du ønskjer
Spare på BSU (Bustadsparing for unge)?
Bustadsparing for unge passar for deg som sparar til eigen bustad. Finn ut meir om BSU sparing her.
- Du får vår beste sparerente og ekstra gunstige vilkår på bustadlån den dagen du skal kjøpe bustad
- Du kan spare inntil 27 500 kroner i året, og totalt 300 000 kr
- Du får 10 % i skattefrådrag på det du sparar. Set du inn maksbeløpet per år, får du 2 750 kr i skattefrådrag
Spare i fond?
Eig du allereie bustad, eller ønskjer du å spare meir enn BSU-grensa på 27 500 kroner i året? Då er fondssparing for deg. Finn ut meir om fondssparing.
- På lang sikt vil fondssparing vanlegvis gi betre avkastning enn sparing på sparekonto
- Det er ingen bindingstid på sparing i fond, og du kan kjøpe og selje akkurat når du vil
- Hjå oss kan du velje mellom fleire ulike fond, avhengig av kor lang sparehorisont du har.
- Har du aksjesparekonto, kan du kjøpe og selje fond utan å betale skatt av gevinsten. Les meir om aksjesparekonto her.
Bustadguiden
Det er mykje å tenkje på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg steg-for-steg oversikt over kva du bør tenkje på både før, undervegs og etter kjøp av bustad.