Hopp til innholdet
Bilete frå gåveutdelinga
God stemning under utdelinga, trass i ein vond sak.
Nyhet

Gåve frå Sogn Sparebank til HMM Helsehjelp Ukraina

Sogn Sparebank støttar HMM Helsehjelp Ukraina med kr. 1 208 000.

Me er glade for å kunne informere våre kundar om at Sogn Sparebank har beslutta å gje ei gåve på kr 1 208 000 til HMM Helsehjelp Ukraina. I tillegg matchar Bjørkehagen AS, vår største investor og eigenkapitalbeviseigar, same beløp.

Det var vår nestleiar i styret, Sindre Wergeland, som foreslo denne gåva. Han lova samstundes å matche gåva frå banken med same beløp frå sitt eige selskap, Bjørkehagen AS. Gåva er mellom anna øyremerka uttrykningskøyretøy som skal brukast til å frakte skadde soldatar til næraste mobile evakueringssjukehus.

Tysdag 18.mars blei gåvene på kr 1 208 000 frå kvar av partane overrekt til HMM på vårt kontor i Bergen i samband med styremøtet. Alle som ønskte det, fekk ein gjennomgang av HMM sitt arbeid, og det gjorde utan tvil inntrykk å sjå videoar frå fronten og korleis hjelpearbeidarane kontinuerleg jobbar for å redde liv.

HMM heldt ein presentasjon og viste bilder frå arbeidet ved frontlinja.

Om HMM Helsehjelp Ukraina

HMM Helsehjelp Ukraina er ei bergensbasert stifting som sidan krigen starta har spesialisert seg på å levere livreddande utstyr og medisinsk hjelp til soldatar på fronten i Ukraina. Dei rører ingenting som kan brukast i offensiv krigføring. Målet er å redde flest mogeleg liv og hjelpe skadde soldatar, slik at dei kan delta i gjenoppbygginga av landet og leve eit verdig liv etter krigen. Stiftinga har også arbeidd med å skaffe mobile tannhelseklinikkar, som er viktige for å oppretthalde tannhelsa til soldatane på frontlinja. Lange periodar i skyttergravene med usunt kosthald og dårlege tannhelserutinar har ført til store negative konsekvensar for mange soldatar.