Hopp til innholdet
Kvinne med treningsklokke.

Betal med smartklokka
  • Trygt, brukervennleg og raskt
  • Smidig kobling av aktivitet og betaling
  • Fungerer som eit kontaktlaust kort

Korleis fungerer klokkebetaling?

Med ei klokke frå Fitbit eller Garmin kan du betale kontaktlaust med bankkortet eller kredittkortet ditt. Då blir det ikkje krise om du gløymer lommeboka og mobilen heime. Du betalar berre med klokka.

 Sportsklokkene frå Fitbit og Garmin nyttar Near Field Communication (NFC) for å gjennomføre kontaktlause betalingar. Du berre tæpper klokka mot betalingsterminalen for å betale. Sjølve betalinga skjer via Visa og Mastercard. Det finst ingen eigne beløpsgrenser ved klokkebetaling. Fitbit Pay og Garmin Pay bruker Visa og Mastercard sine bransjeleiande token-tenester som gir deg høgaste grad av tryggleik.

Klokkebetaling med Fitbit

Du må ha ei Fitbit-klokke, samt bankkort eller kredittkort frå oss.

  • Legg inn dine kortopplysningar i Fitbit-appen på telefonen. Appen kommuniserer med klokka og lagar ein virtuell versjon av kortet på klokka.
  • Når du skal betale, held du klokka inntil kortlesaren. Når betalinga er gjennomført, vibrerer klokka og du får ei stadfesting på skjermen.
  • Dersom du ønskjer å bytte mellom forskjellige kort, held du venstre knapp inne i to sekund. Vel kortet du ønskjer å betale med før du tæpper klokka mot kortlesaren.
  • Klar, ferdig - betal!

Mer informasjon finn du på nettsidene for Fitbit Pay.

Klokkebetaling med Garmin

Du må ha ei Garmin-klokke, samt bankkort eller kredittkort frå oss.

  • Legg dine kortopplysningar inn i appen Garmin Connect Mobile under Garmin Wallet.
  • Følg instruksjonane for å leggje til eit eller fleire kort, og opprette ein kode.
  • Når du skal betale i ein butikk, følgjer du instruksjonane på klokka.
  • Klar, ferdig - betal!

Mer informasjon finn du på nettsidene for Garmin Pay.

Visste du at

For å kunne bruke klokkebetaling med Fitbit må du laste ned Google Wallet. Last det opp i Fitbit-appen og betal kontaktlaust med klokka di. Du kan lese meir om Google Wallet her.


Nyttig å vite om klokkebetaling

Enkelt fortalt - klokkebetaling! Du lastar berre opp ditt bankkort eller ditt kredittkort i Fitbit-appen eller Garmin Connect Mobil-appen. Deretter er du klar for å betale kontaktlaust med di smartklokke frå Fitbit eller Garmin.

Du kan bruke Fitbit Pay saman med smartklokker frå Fitbit, og du kan bruke Garmin Pay saman med smartklokker frå Garmin. Desse smartklokkene har ein innebygd NFC-brikke, og denne brikka kombinert med at du lasta opp ditt bankkort eller kredittkort, lar deg betale kontaktlaust med klokka. Akkurat like enkelt og raskt som når du bruker eit trådlaust bankkort.

Du kan registrere ditt bankkort samt alle kredittkort (også bedriftskort). Du kan registrere opptil 6 kort i Fitbit-appen.

Du bestemmer sjølv kor mange kort du vil leggje til i Google Pay, det er ingen avgrensingar.

Du kan betale med Fitbit og Garmin i alle betalingsterminalar som godtek kontaktlaus betaling. Sjå etter ikonet for kontaktlaus betaling.