Ditt Eika Kredittkort er eit trygt og smart reisefølgje på ferieturen. Sjekk ut våre nyttige tips før du dreg:

  • Sjekk utløpsdato på kortet før du reiser på ferie.
  • Litt ekstra pengar i bakhand? Søk om kredittauke og utvid kredittgrensa på ditt kredittkort før ferien. Dette gjer du i mobil- og nettbanken under Øk kredittgrense.
  • Ta alltid med to kort. Då har du eitt kort i reserve om du skulle vere så uheldig å miste det eine kortet.
  • Gratis reise- og avbestillingsforsikring. Betalar du minst 50 % av reisens totale kostnader med ditt kredittkort, får du gratis reise- og avbestillingsforsikring.
  • Betal leigebil og hotell med ditt kredittkort. Både hotell og leigebilselskap gjer ei reservasjon av bestillinga. Brukar du kredittkortet vil ikkje reservasjonen påverke brukskontoen din.

I tillegg kan det lønne seg å ta ein titt på desse tre enkle råda for riktig kortbruk i utlandet:

  • Vel lokal valuta
    Har du opplevt at seljarar i utlandet gjerne vil få deg til å betale i norske kroner når du dreg fram kortet? Ikkje gå i den fella – det er lønnsamt for dei, men ikkje for deg, fordi du må betale eit gebyr for veksling. Den beste kursen får du ved å betale i lokal valuta, sjølv på dagsturar til Sverige eller helgetur til Danmark.

  • Behov for cash i ferien?
    Hugs at du alltid får gebyrfrie minibankuttak i valuta i utlandet når du tek ut kontantar med kredittkortet frå oss. Igjen, hugs å velja lokal valuta dersom du får spørsmål om det i minibanken. Og hugs, enkelte utanlandske bankar kan ha eigne gebyr for minibankuttak, dermed er det viktig at du les godt informasjonen du får på skjermen før du tek ut pengar. I tillegg er det lurast å ta ut pengar i minibank når du kjem fram til feriestaden din – ikkje på ein norsk eller utanlandsk flyplass.

  • Betal kontaktlaust
    For beløp under 500 kr så kan du betale kontaktlaust utan å taste PIN-koden din. Har du Google Pay eller Samsung Pay, så kan du bruke din mobil til å betale med – og berre la lommeboka liggje igjen heime. Eller du kan bruke smartklokka di med Fitbit Pay eller Garmin Pay samt betalingstilbehøyr frå Tapster, som ring eller armband. Slik kan du verne PIN-koden di og betaling i ferien blir tryggare.

Det kan vere lurt å setje på regionsperre på kortet ditt, slik at det berre kan nyttast i utvalde delar av verda. På denne måten kan du redusere faren for svindel og misbruk. Regionsperre kan du enkelt setje på og fjerne i mobil- og nettbanken.


God tur!