Hopp til innholdet

Smartspar

Spareappen Smartspar gjer det moro å spare i fond. Du treng ingen forkunnskapar og vi hjelper deg heile vegen. Du kan enkelt opprette sparing og appen kan brukast av alle - uansett bank.

Smartspar - Spareappen for alle

Smartspar hjelper deg enkelt i gang med sparing i fond. Du treng ingen forkunnskapar og vi rettleier deg gjennom appen frå start til mål. Det kan vere lurt å spare eit fast beløp kvar månad, også kalla ein spareavtale.

Spareappen kan brukast av alle, uavhengig av kva bank du er kunde i og kva fond du ønskjer å spare i.

Last ned Smartspar

Kom i gang med sparing på mobilen

  1. Last ned Smartspar og logg inn med BankID
  2. Få anbefalt eit fond basert på kor lenge du ønskjer å spare og kva som er viktig for deg
  3. Opprett ein spareavtale
  4. Gratulerer - du er i gang med sparinga di!
Appstore logo  Google Play logo

Synest du òg det er vanskeleg å kome i gong med sparing?

Det er enklare enn du trur! Få personleg rådgjeving og gode råd om sparing.

Ofte stilte spørsmål

Vi har mange ulike fond å velje mellom, både rentefond, kombinasjonsfond og aksjefond. Vi hjelper deg å velje det fondet som passar best for din sparing, avhengig av kor lenge du ønskjer å spare og kor mykje du toler at sparesaldoen din svingar over tid.
Smartspar fungerer på dei fleste iPhone og Android-telefonar. Dersom du har ein veldig gammal mobil kan det vere at appen ikkje fungerer heilt optimalt og vi anbefaler at du oppdaterer appen jamleg. Om du har problem med å logge inn i Smartspar, kan det vere lurt å sjekke om appen må oppdaterast i App Store eller Google Play.
  1. Gå til App Store eller Google Play og søk på Smartspar.
  2. Last ned appen
  3. Logg inn med BankID
  4. Last ned Smartspar ved å trykke på eit av ikona og logg inn med BankID.
  5. Følg stega for å kunne ta i bruk appen
  6. Trykk på "Spar i fond" - heilt nedst på sida
  7. Vel om du vil sette inn eit eingongsbeløp eller opprette ei fast månadleg sparing
  8. Følg prosessen som kjem, og vi hjelper deg heilt i mål.
  9. Gratulerer - du er no i gang med fondssparing!
Innhaldet på desse sidene er marknadsføring og må ikkje oppfattast som personleg rådgjeving. Det er berre våre autoriserte rådgjevarar som kan gje personleg rådgjeving. Viss du ønskjer rådgjeving frå ein av våre rådgjevarar, kan du booke møte her.
Historisk avkastning er inga garanti for framtidig avkastning. Framtidig avkastning vil mellom anna avhenge av marknadsutviklinga, forvaltaren sin dugleik, fondet sin risikoprofil og forvaltningshonorar. Avkastninga kan bli negativ som følgje av kurstap. Det er knytt risiko til investeringar i fondet på grunn av marknadsrørsler, utvikling i valuta, rentenivå, konjunkturar, bransje- og selskaps-spesifikke tilhøve. Før teikning vert det oppfordra til å lese fonda sin nøkkelinformasjon og prospekt.

Informasjon om fonda sine investeringsmandat og risiko finn du i det enkelte fond sitt prospekt og nøkkelinformasjon som er tilgjengeleg på våre nettsider.
Oversikt over fonda sine kostnader finn du her.