Alle fortener økonomisk sjølvtillit
Opplev meistringskjensla etter å ha tatt grep om di økonomiske framtid. Få personleg rettleiing og gode råd om sparing og pensjon.
Opplev meistringskjensla etter å ha tatt grep om di økonomiske framtid. Få personleg rettleiing og gode råd om sparing og pensjon.
Synest du også det er litt vanskeleg å kome i gang med sparing? Då er du ikkje åleine!
Ei landsomfattande undersøking utført av Respons Analyse* viser at over 900 000 nordmenn blir stressa av tanken på at dei burde byrje å spare. Mange er også usikre på korleis dei skal starte sparinga, og om dei i det heile tatt har råd til å spare kvar månad.
Dei fleste av oss veit at sparing er lurt, og ikkje minst at langsiktig sparing til for eksempel pensjon kan vere smart. Hos altfor mange blir det framleis berre med tanken, og det blir ofte laga personlege barrierar for kvifor vi ikkje tek grep.
Nokre av barrierane handlar også om usikkerheita mange kan kjenne på i møtet med ein bankrådgivar. Fleire opplever at det økonomiske språket kan vere vanskeleg. Same undersøkinga frå Respons Analyse viser at nesten annan kvar person mellom 18 år og 24 år har problem med å forstå økonomiske omgrep og uttrykk. Andre synest at det å snakke om sin personlege økonomi kan vere ubehageleg.
Difor er det ein fordel å vere kunde i banken din, der bankrådgivaren kjenner deg og terskelen for å stille spørsmål er låg. Hos oss finst det ikkje dumme spørsmål, og vi er opptekne av å dele kunnskapen vår med deg og gi gode råd om sparing.
Få personleg rådgjeving og gode råd om sparing.
*Ei landsomfattande undersøking utført av Respons Analyse på vegner av Eika Kapitalforvaltning, februar 2024