Thomas har endeleg ein plan for sparinga si.
Og det var mykje enklare å kome i gang enn det han trudde på førehand! Les korleis han opplevde meistring då han endeleg byrja å spare.
Slik gjekk Thomas frå å vere ein rotkopp med økonomien til å bli ein spareentusiast.
Thomas (40) bur i Oslo med kona og to små born. Han har lenge tenkt at han burde ta nokre grep og starte med pensjonssparing, for å få ein litt meir føreseieleg økonomi for seg sjølv og familien sin. For han, som for mange andre, har det blitt med tanken. "Eg har alltid funne ei god unnskyldning for å ikkje setje meg inn i moglegheitene mine og har aldri kome i gang med sparinga," seier Thomas.
– Sparing var eit framandord, og prat om økonomi såg eg på som «vaksenprat».At Thomas kan vere litt ustrukturert når det kjem til pengar, er han klar over. "Eg er nok litt rotekopp når det kjem til pengar," erkjenner han. I mange år har han overlatt økonomistyringa til kona, og lempar alt det økonomiske ansvaret over på henne, rett og slett fordi det har vore enkelt. "No ønskjer eg å ta mi del av dette ansvaret," seier han. Samstundes har han eit ønskje om å bidra meir i den økonomiske planlegginga, og ikkje minst leggje ein langsiktig plan, både for sparing til dei to borna sine og til eigen pensjon.
Løysinga blei eit møte med ein bankrådgjevar
"Eg syntest det høyrdest litt skummelt ut med eit slikt møte, men det var ei veldig positiv oppleving. Eg fekk oversikt over kva eg har til rådvelde for å spare, og korleis eg burde fordele sparepengane i ulike fond. Eg kunne faktisk også setje av meir pengar enn eg først trudde", fortel han fornøgd.
"Måten det blei forklart for meg gjorde det veldig enkelt å forstå. Det var ikkje så komplisert som eg trudde. Eg kom litt seint i gang, men no har eg ein plan, og det gir meg ei god tryggingskjensle".